Lokal | 06. juli 2011

Til Vinnes med 7. klassingar

Torsdag 30. juni og fredag 1. juli arrangerte MOT/Os kommune dagstur for 15 sjuande klassingar til Vinnes.

Til Vinnes med 7. klassingar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2011 12:44

Sommar i Os: Vinnes-tur for avgangselevar i 7. klasse

Torsdag 30. juni og fredag 1. juli arrangerte MOT/Os kommune dagstur for 15 sjuande klassingar til Vinnes. Vidar Øvredal stod for det gode innhaldet, og oppsummeringa frå deltakarane var at dei hadde hatt supre dagar!

Rekkjefølgja på aktivitetane varierte frå torsdagen til fredagen, men begge dagane starta med at vi vart henta ved kaien i Os av Vidar. Så suste vi over Bjørnefjorden i RIB-båten hans. Vel framme gjekk vi i land på ei øy der han har laga til leirområde. Der fekk alle som turte prøva seg i taubane. Moro, det gjekk jo veldig fort!

Neste post på programmet var kajakkpadling. Alle fekk god innføring i korleis ein skal handtera ein kajakk før dei fekk prøva seg på eigenhand.

Kajakkturen gjekk først over til ein holme der vi gjekk i land og gjennomførte klippevandring.

Det var litt skummelt og utfordrande, men alle kom seg vel rundt holmen.

Deretter var det å padla til Vinnesholmen. Der kunne dei som ville prøva seg på rappelering, medan hardhausane bada. Mellom alle aktivitetane vart det tid til å grilla og eta mat.

Dagane gjekk fort, og brått sat vi i RIB’en igjen på veg attende til Os med godt nøgde barn – barn som bankar på døra til ungdomstida.

Reidar Dale, MOT-koordinator, Oppvekst og kultur

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.