Kultur | 24. juni 2011

Tilbake der det starta

Fredag startar blues- og jazzfestivalen i sentrum med opptog til Mobergsneset der det hele starta.

Tilbake der det starta
Andris Hamrefredag 24. juni 2011 08:26

Dei seineste åra har Osøren blues og jazzfestival nytta forskjellige spelestader i sentrum som Vognhallen, Visningssenteret, Peppes og torget. I år er alt samla under eit tak i Oseana.

- Vi satsar på at vêret lettar slik at nokre av konsertane kan gå på terrassen framfor Oseana, seier ein overraskande roleg festivaldirektør Gunnar Nagell Dahl berre timar før det brakar laus.

Eller eigentleg har det allereie starta då Vamp tjuvstarta med St.Hansfeiring for omlag 1200 tilskodarar torsdagskvelden.

Opptog frå sentrum

Festivalen vil markera at dei no forlet sentrum som speleplassar med tog frå sentrum til Oseana kl 16.

- Olav Unneland vil halde ein liten konsert i sentrum før han leier toget med liflige tonar frå ein oselvar som blir dregen ut til Oseana.

- Vi håpar mange har lyst til å bli med oss på ferda tilbake til Mobergsneset kor det heile i si tid starta, seier Nagell Dahl.

På Oseana ventar BillyT Band som vil halde gratis opningskonsert når toget kjem ut der.

Tre scener

Konsertane fredag og laurdag går delvis parallellt på tre scener.

- Vi brukar Oseanasalen, Vargasalen i kjellaren og foajeen/terrassen som spelestader.

- Det betyr at folk kan gå litt til og frå og få med seg heile sju konsertar fredag og åtte konsertar laurdag, i tillegg til gratis jam og matiné laurdags førmiddag.

- Ein ting folk bør vera oppmerksamme på er at i år sel vi ikkje billettar til enkelt konsertar, men festivalpass til kvar av dagene eller heile helga, seier festivaldirektøren.

Det er framleis pass igjen som kan kjøpast på festivalkontoret i Oseana og i Galleri Os.

Ei lita endring i programmet har det òg blitt. Tone Linn Mjånes spelar med Osøren Jazzensemble fredagskvelden og ikkje på cruiset laurdag som annonsert i programmet.

Elveblues

Inspirert av Mississippi og New Orleans skipar festivalen til elveblues laurdag morgon.

- Som New Orleans har Mississippi, har vi Oselvo.

- Derfor har vi leigd partyflåten som ligg i elva for å vekke bygda og båtane i gjestehamna med bluestonar laurdag morgon.

- Då let vi flåten siga stille rundt i hamna medan bygda vaknar til liv, smilar Nagell Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.