– Tilbake der vi skal vera
... men Lysekloster skåra for få mål i dagens heimekamp.
Etter tre svake kampar på rad er trenar Birkelund glad for at han i dag såg spelarane tilbake med rett tenningsnivå og tempo.
– Dessverre var vi ikkje flinke nok til å skåra i dag, men vi styrte kampen og burde klart i ta ein grei siger. Spelarane skal ha ros for pbåde innsats og prestasjon i dag, meiner han.
Lysekloster - Vard Haugesund 2 1-2 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Thomas Helland
Bortekampen mot Vard sine raske juniorar enda 1-1. I dag var gjestane mest farleg på overgangar.
Ein overgang som førte til frispark rett utanfor 16-meteren, skrått på mål, blei slått fint i lengste hjørne rett før pause.
Fem minutt ut i 2. omgang auka gjestane til 0-2. Lysekloster sitt mål kom etter 90 minutt.
– Det var eit fint angrep der spelet blei rulla opp langs venstrekanten og slått inn bak forsvaret. Der kom Helland på bakerste stolpe og reduserte før slutt.
– Vi prøvde eit par nye ting i dag, med Helland på høgrekant og Preben Skorpen på midtbanen. Begge delar fungerte bra og gav oss nokre svar, fortel Birkelund.
Lysekloster: Kjetil Hansen - Baste Jonassen, Tore Valvik (Mathias Fløtaker), Aleksander Andersen, Sigve Rørstad - Simen Birkelund, Preben Skorpen, Johannes Jordal - Oscar Borgersen (Joakim Hjelmeland), Thomas Helland og Preben Borgen.
Lysekloster ligg framleis på 3. plass på tabellen, men no berre 3 poeng framfor Bjarg, og heile 11 poeng bak Odda på 2. plass.
I neste runde speler dei borte mot Vadmyra.