Sport | 20. juli 2011

Tilbake i eliten

Elitedamene til Bjørnefjorden golfklubb rykte opp igjen i eliten etter suveren siger i 1. divisjon lag-NM i helga.

Tilbake i eliten
Andris Hamreonsdag 20. juli 2011 00:13

Cecilie Langeland Olsen og Solveig Helgesen feide all motstand av banen og vann suverent 1. divisjon lag-NM i golf på Østmarka golfbane i Ytre Enebakk i helga.

Allereie etter dag éin hadde jentene festa grepet og leia med sju slag.

- Vi spelte to rundar på lag kvar av dei to første dagane og avslutta med ei individuell runde den siste dagen, forklarar Solveig Helgesen.

Lagspelet går ut på at dei anten slår annankvar gang på same ballen eller at dei slår kvar sin ball, men flyttar fram til den best plasserte ballen.

- Eg synest vi spelte bra den første dagen og er nøgd med at vi leiia med sju slag.

Sleit med varmen

På laurdagen kom varmen, noko det virka som om dei fleste spelarane ikkje var heilt vante med.

- Det gjekk ikkje så bra på dag to, men det gjorde det ikkje for dei andre laga heller.

- Laurdagen var den einaste dagen med skikkeleg fint og varmt vêr. Det kunne nesten virke som om alle blei litt trøtte av varmen, smilar Helgesen.

Vann singelrunden

Sundagen spelte dei to kvar si runde i konkurranse med dei seks andre laga i 1. divisjon.

Helgesen gjekk ein god runde eitt slag under par (ho brukte 71 slag på dei 18 hola) og vann singelrunden med fem slag på nest beste spelar, medan Langeland Olsen sikra samanlagtsigeren med ein solid sjetteplass.

Osjentene vann turneringa 20 slag framfor Moss & Rygge på andreplass.

Går for å etablera seg i eliten

Bjørnefjorddamene rykka ned frå elitedivisjonen etter fjorårets NM.

- Målsettinga er heilt klart å bli eit stabilt elitelag, fortel Helgesen.

- Forskjellen mellom eliten og første divisjon er ganske stor. Dei store klubbane ligg fast der oppe, medan vi er nokre klubbar som skiftar på å rykke opp og ned.

- Eit heilt naturleg mål for oss må vera å bli eit av dei laga som ligg fast der oppe, avsluttar ei strålande nøgd Solveig Helgesen.

Herrane rykte ned

Også eliteherrane til Bjørnefjorden spelte lag-NM i helga. Deira rundar gjekk i Stavanger.

Herrane spelte i eliteklassen, men måtte diverre ta steget ned ein divisjon etter ein 14. plass i helgas NM.

- Laget vårt spelte mange gode rundar, men motstanden blei diverre for sterk, skriv Bjørnefjorden golfklubb på heimesida si.

På herrelaget spelte Alexander Heggland, Anders Engelsen, Anders Grasdal, Thomas Lothe Alvsaker og Gjermund Engelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.