Sport | 08. aug. 2012

Tilbake i noregstoppen

Det blei dramatisk då Nathalie Engeseth igjen kvalifiserte seg for Titleisttouren. - Vi måtte ut i tre ekstra hol, fortel Engeseth.

Tilbake i noregstoppen
Nathalie Engeseth er igjen klar for Titleist Touren (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. aug. 2012 06:53

Bjørnefjordenspelaren Nathalie Engeseth spelte den nasjonale Titleisttouren i golf for to sesongar siden og var fast bestemt på å halde seg i noregestoppen heilt til sjukdom satte ein stoppar for det. I helga var ho tilbake og kvalifiserte seg igjen etter å ha vunne ei høgdramatisk kvalifiseringsturnering i Stavanger.

- Eg og Julie Aas Nordin frå Stavanger golfklubb låg lik etter to rundar med 19 slag over par.

- Siden berre vinnaren fekk spela den neste Titleisttouren i Arendal måtte vi ut på ekstra hol for å kåra ein vinnar, forklarar det unge golftalentet frå Bjørnefjorden Golfklubb.

Slo til skogs

På det første omspelsholet fekk Nathalie Engeseth ein verst mogleg start då ho slo ballen til skogs.

- Eg gjekk i skogen og ho la seg midt i fairway. Då trudde eg det var køyrd.

Men Engeseth ville det annerleis. Ho berga seg ut av skogen og pent inn på fairway samstundes som konkurrenten fekk eit ikkje helt optimalt slag frå sin posisjon. Båe jentene spelte seg inn på greenen og satte ballen i koppen. Eitt slag over par og framleis likt.

Rett på flagget og i koppen

På det neste holet gjorde ingen av dei feil og båe gjekk av greenen med par.

- Det tredje omspelsholet var eit par tre-hol.

- Eg slo eit godt utslag rett på flagget og låg fint til for å klara ein birdie (to slag på par tre-holet, journ.mrk), medan Julie la seg litt lenger frå flagget, forklarar Engeseth.

Like sikker som banken greip ho sjansen ho no hadde fått og satte ballen sikkert i koppen. Konkurrenten måtte nytta to slag for å kome i og med det sjå seg slått av Bjørenfjordengolfaren.

Har store forventningar

Runden ho no har kvalifisert seg til går i Arendal 17. august.

- Kva forventningar har du når du no igjen skal konkurrere med dei beste i Noreg?

- Eg har eigentleg ganske høge forventningar.

- Då eg spelte på touren før eg blei sjuk hadde eg som mål å etablera meg der. Det står fast. Det er Titleist Touren eg har lyst til å spela.

- Skal eg klara det held det ikkje med siste eller nest siste plass, då må eg høgare på lista, slår Nathalie Engeseth fast.

Ho er ikkje den einaste Bjørnefjordengolfaren i noregstoppen. På gutesida er Anders Engelsen kvalifisert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.