Tilbake i storform
Christer Olsen storspelte då han kom innpå for Os 2 i første kamp etter fleire veker med sjukdom.


4. divisjon, avd. 1, 24. august:
Os 2 - Bremnes: 5-2 (1-1)
Andrelaget til Os spelte ball medan Bremnes løp i mellom, men skåringa kom først etter 41 minutt.
- Erik Kanestrøm blei spelt gjennom og gjorde som vanleg ikkje feil. Erik skåra også mål nummer to ved å setja ballen over keeper i 60. minutt, fortel trenar Tore Nielsen.
Medan gjestane kom litt lett til på utlininga eitt minutt etter 1-0-skåringa, var det berre osingane som skåra i andre omgang.
- I 65. minutt kom det som kanskje er den finaste skåringa på Kuventræ i år. Eit innlegg av Espen Valvik, som også var fantastisk god i går, hamna litt bak Christer, men Christer tok hælen ut sidelengs og bak, og vippa ballen i nota.
I 75. minutt gjorde Ramo det få andre i Os klarar like bra, vendte vekk ein spelar og auka til 4-1.
Bremnes reduserte på ein av få sjansar i 78. minutt, men Christer Olsen auka til 5-2 før slutt, også det etter innlegg av Valvik.
Desse spelte frå start: Anders Solberg Strønen, Anders Glesnes, Vegard Borgen, Dani Bergstø, Mats Lepsøy, Baste Jonassen, Christian Almeland, Erik Kanestrøm, Sven Lyssand, Espen Valvik og Ramo Racic.
Christer kom inn for Sven (60), John Ole Johannessen for Dani (75). I tillegg kom Espen Kopperud inn for Ramo og Marcus Dalland inn for Strønen mot slutten av kampen.
Baste Jonassen, som vanlegvis spelar midtstoppar eller høgreback, blei brukt på midtbanen i går. Også han får skryt for innsatsen mot Bremnes.
- Dette går berre éin veg, gutane held fram med å imponera mot spelarar som har vore i denne divisjonen i 10 år. Eg har aldri hatt det så gøy som trenar før, seier Nielsen.
Os 2 ligg no på 4. plass på tabellen, sundag spelar dei ein viktig kamp mot Ny-Krohnborg, som ligg på 2. plass, 3 poeng framfor.