Kultur | 07. mars 2017

Tilbake med lokalt barnekor

Christine Sandtorv gav i haust ut si fjerde barneplate i Stjernetellerserien. Laurdag er ho og bandet tilbake i Oseana saman med eit kor med ungar får Os.

Tilbake med lokalt barnekor
Christine Sandtorv er tilbake på Oseana med ei ny plate i Stjernetellerserien (foto: Dyveke S. Nilssen)
Andris Hamretysdag 07. mars 2017 08:49

«Klokvarm» er den fjerde plata til Christine Sandtorv i Stjernetellerserien. Ei plate ho igjen hausta strålande kritikker for.

– Det er herleg å sjå at låtene mine blir lydspor til ungane sitt liv. Eg ønskjer å skapa gode familieopplevingar kor ein lyttar, dansar i stova eller går på konsert saman, seier Sandtorv i ei pressemelding.

Ho selde i haust ut USF Verftet to gonger på rad, og kjem no med den populære barnekonserten til Os.

– Det blir discodansing for pappaer, stjernetelling og mykje moro for både små og store.

Med seg på scenen har ho ein gjeng med barn frå Os under leiing av Stine Kobbeltvedt.

Historien om stjerneteller

Det byrja som spedbarn med Godnattsanger (2009), fortsatte med leik, latter og dans på Gullamanter (2011) og gjekk vidare med sprudlande og energisk Dinomaur (2014). Den ferske plata Klokvarm er tidlaus popmusikk som fengjer heile familien med både moro og alvor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.