Lokal | 08. des. 2010

Tilbake på Facebook

Comeback kid: Tysdag i førre veke blei Søviknes sin Facebook-profil fjerna utan forvarsel. No er ordføraren tilbake.

Tilbake på Facebook
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. des. 2010 12:43

- Eg veit ikkje kvifor. Eg har hatt litt kontakt med administrasjonen i Facebook om saka, men berre per epost, sa Terje Søviknes til Midtsiden.no i førre veke.

Sidan mars i år har ordføraren hatt både glede og nytte av å vera del av det store nettsamfunnet. Tysdag i førre var profilen hans plutseleg fjerna.

Han fekk ikkje svar på kvifor profilen var fjerna, det gjorde heller ikkje Midtsiden. Facebook-administrasjonen var raske med å svara, men kom ikkje med noko skikkeleg svar, anna enn at «Jag ska be Facebooks handläggare kolla in vad som skett i just detta fallet och återkommer när jag får svar.»

- Godt å vera tilbake
I dag er Søviknes tilbake på Facebook.

- Eg fekk ein epost i dag tidleg med beskjed om at profilen min var lagt ut igjen. Dei unnskyldte seg også, og sa at profilen hadde blitt sletta ved ein feil. Fleire detaljar fekk eg ikkje, seier Søviknes til Midtsiden.

Han fortel også at han har sakna både det å bruka Facebook til å halda dialogen med vennar og det å kort kunna informera innbyggarar i Os om saker han jobbar med.

- Profilen ser ut som før og det er godt å vera tilbake!

Det er tydelegvis mange andre som set pris på at han er tilbake, i skrivande stund er det 57 som «liker» statusen hans og 27 som har kommentert comebacket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.