Sport | 08. jan. 2020

Tilbake på isen: Ein svolten realist før EM

Sverre Lunde Pedersen (28) håper å gå fort i Heerenveen til helga.

Tilbake på isen: Ein svolten realist før EM
Sverre Lunde Pedersen då han i fjor tok gull og to sølv i VM i Inzell. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 08. jan. 2020 18:37

Torsdag brakar det laus med EM enkeltdistansar i Heerenveen. Sverre har hatt ein lengre pause frå konkurransar etter sesongstarten 15. november, men er på plass i den nederlandske byen, og var tilgjengeleg for ein prat midt på dagen i dag.

– Eg gler meg og har veldig lyst å gå fort på isen. Det blir viktig for meg å få gode svar under denne meisterskapen, det vil legga grunnlaget for resten av sesongen. Eg er sjølvsagt realistisk i forhold til skaden som har følgt meg i haust og vinter, men svolten for å gå fort får eg ikkje gjort noko med, påpeiker Sverre.

Om medaljeutsikta på dei ulike distansane har Sverre følgjande å seia:

– Det er veldig glatt is her i Herenveen, og det vil nok hjelpa dei raskaste løparane, så 1500 meter blir krevjande. Eg vil tru at eg har størst sjanse på 5000 meter, og at vi på lagtempo kjem til å vera med og kjempa godt.

Ei utfordring for livet

2019 vart eit flott år for 28-åringen, med blant anna gull og to sølv i VM enkeltdistansar og sølv i allround-VM. Han fekk òg ja frå sin kjære sambuar, Ingunn Trædal.

Men det skulle òg koma nokre utfordringar i løpet av året. På seinhausten velta nemleg skøyteesset på sykkel under ei treningsøkt i Inzell.

– Eg har gradvis blitt betre etter ulykka i fjor, men eg jobbar stadig med å få tilbake min normale tilstand, som den var før eg velta på sykkelen. Det krevjande med dette er at eg ikkje får stadfesta formen før i meisterskap og andre konkurransar. Men eg håper sjølvsagt at eg ligg i medaljesjiktet, seier ein avbalansert, Sverre.

Osingen avslører òg at dette vart ei utfordring som har prega han på fleire frontar enn berre sportsleg.

– Det er første gong eg opplever noko slikt. Eg har blitt skadd tidlegare i karriera, men ikkje på denne måten. Det har vore ein skade som har prega meg over tid, og eg har fått svi når eg har blitt litt for ivrig. Det handlar vel mest om å ikkje gjera dumme ting.

– Men dette er situasjonar som set ein på prøve både som utøvar og som person. Denne erfaringa vil eg få nytte av vidare i både livet og karriera, seier Sverre.

VM i USA og Noreg

Etter EM i Heerenveen skal Sverre heim til Norge, før turen går vidare til VM enkeltdistansar i Salt Lake City.

– Først blir det ei veke i Bergen, så drar eg til Stavanger for å trena. Fredag 24. januar går turen til USA og Salt Lake City, der blir eg verande til 17. februar. Etter dette får eg eit par dagar i Bergen før eg reiser til allround-VM på Hamar.

Det har blitt mange døgn med reise opp gjennom åra, og det kan sjølvsagt vera utfordrande, men Sverre ser lyst på all reisinga.

– Eg blir 28 år i år og har fått gode rutiner på dette. Dei to siste åra har vore mine beste år som utøvar. Rutina hjelp meg å gjera dei rette tingene slik at ein alltid er best mogleg forberedt. Som eg sa tidlegare, det gjeld å ikkje gjera noko dumt, avsluttar Sverre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.