Kultur | 24. sep. 2011

Tilbake på neset

BILDESERIE: ORBO & The Longshots kom heim fredag då dei hadde sleppefest på Mobergsneset.

Tilbake på neset
Andris Hamrelørdag 24. sep. 2011 09:28

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Må mange måter kan ein seie at ringen noe er slutta. Fredag feira ORBO & The Longshots den siste plata «Praire Sun» med sleppefest framfor omlag 450 fans i Oseana.

Den første jobben bandet gjorde i Osbygda var nettopp på Mobergsneset, hos Reinhart'en og Vikjo kafé.

- Denne låta avslutta vi den første konserten med. No avsluttar vi med den på request frå blodfansen her framme, fortalte Ole Reinert Berg-Olsen då dei dro i gang med gode gamle «Looser» som avslutning.

Fett med skikkelig stad

Bandet gleda seg stort over å kunne halde sleppefesten på heimebane i bygda si nye storstue.

- Det er utruleg fett å ha fått ein stad vi kan feste og drikke øl uten å måtte betale 1000 kroner i taxi for å kome oss heim.

- Dette må vera vestlandets beste spelestad, skrøt ORBO med ei helsing til publikum.

Konserten var naturleg nok via den siste plata og låtane derfrå. Innimellom slaga lot ORBO publikum få bli med på små historier frå studio og på videoinnspeling i Øyane med god gamaldags amerikansk politibil.

- Det er vel eineste gongen ein slik ein har sladda rundt på vegane der ute, smilte Ole Reinert.

Tok tid

ORBO & The Longshots leverte varene frå scena. At bandet har fått terningkast 6 for den siste plata er lett å forstå.

Litt verre var det med publikum i salen. Det tok lang tid før folk slepte seg laus og lot dansefoten gå, men då Gina Aspenes gjesta på «Sin City» blei det fyr i Osenasalen og dei berga ein firer for publikumsinnsatsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.