midtsiden

Tilbake på sporet

Etter to tap på rad kom Os 2 seg i går tilbake på rett spor. - Flott spel og suveren siger, seier Tore Nielsen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os 2 hadde fire sigrar og éin uavgjort etter dei fem første rundane. Så kom to tap.

- I går var det verkeleg kjekt å sjå laget spela. Mykje spel med få touch og fleire gode sjansar, seier trenar Tore Nielsen.

Christer Olsen nikka eit frispark av Preben Borgen mot mål i 33. minutt. Ballen gjekk via foten til Vegard Borgen i mål til 1-0-leiing.

Etter pause var det nytt frispark, og då blei det ein "Preben spesial", over muren og rett i lengste hjørne. 2-0 i 57. minutt.

Erik Kanestrøm auka til 3-0. Fint spel på midtbanen resulterte i at Kanestrøm kom åleine med keeper, målet blei kampens siste.

Desse spelte frå start (4-3-3): Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Vegard Borgen, Tony Skarvatun, Mats Lepsøe, Tore Valvik, Erik Kanestrøm, Preben Borgen, Ramo Racic, Christer Olsen og Aleksander Lindkvist.

- Preben var veldig god i går, det var også Tore og Tony. I tillegg ringte vi inn Rune Fjellberg, som kom innpå i andre omgang. Han var i imponerande god form, minst 3. divisjonsnivå, seier Nielsen.

Os 2 hadde få spelarar sidan Os junior elite også spelte i går. Dei hadde med seg blant anna Dani Bergstø og Vegard Leikvoll Moberg, og vann 5-2 borte over Varegg.

Andre innbytarar som fekk spela var Espen Valvik og John Ole Johannessen.

SJÅ TABELL

Fleire saker