Kultur | 04. juni 2010

Tilbake til 70-talet

Kritikarroste D`AccorD, med osingen Stig Are Sund på gitar, speler i Bergen i kveld.

Tilbake til 70-talet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. juni 2010 08:13

- Det hadde vore kjekt om det er nokre osingar som liker god gamal 70-tals prog-rock, som vil ta turen på Garage og høyra på oss i kveld, seier Stig Are Sund (23).

Osingen er gitarist i D`AccorD, eit to år gamalt band med base på Stord, der Sund gjekk på vidaregåande skule for nokre år sidan.

D`AccorD fekk god kritikk for debutalbumet sitt, både nasjonalt og internasjonalt. Albumet blei blant anna nominert til årets debutalbum av det italienske ProgAwards.

- Til hausten kjem neste album. I god 70-talsånd lager vi eit konseptalbum, altså som ei forteljing, utan skilje mellom låtane og maks 45 minutt lengd.

D`AccorD har blant anna spelt på John Dee (Rockefeller) i Oslo og på Byscenen i Haugesund. I november skal dei spela på ein festival i Nederland, men i kveld står Bergen for tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.