Tilbake til fysiske politiske møte igjen
– Det trur eg mange set pris på!
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Torsdag 12. mars blei møte i plan- og bygninsutvalet gjennomført i møtesalen Ervikane i Oseana, for å få meir luft mellom politikarane i starten på koronakrisa.
Onsdag 18. mars blei møte i Bjørnafjorden formannskap gjennomført via kommune-TV. Sånn har det vore med møta vidare i mars og april, men no blir det tilbake til normalen - med visse hygienereglar.
– Eg synest møte via video har fungert bra, både lokalt i Bjørnafjorden og andre stadar. Leiar i plan- og bygningsutvalet, Terje Sperrevik (Sp) har gjort ein kjempejobb, synest Gustav Bahus (Frp).
Godkjent i dag
Då regjeringa torsdag 30. april fortalte om nye retningslinjer, som blant anna aksepterer samling på inntil 50 personar med 1 meters avstand frå 7. mai, sendte han sjølv epost til administrasjonen og ba om fysiske møte igjen.
– Det er noko eige å sitja i eit kollegie, reisa på synfaring, ha pausar saman og gå i gruppemøte. Det er dessutan fleire representantar som er nye i fleire utval, og vi har nyleg slått saman Fusa og Os, så det er nok fleire som set pris på at vi no fysisk får møta kvarandre igjen.
Bahus fekk ikkje svar på eposten, men i dag blir det meldt ut at det blir som han hadde ønskt.
– Smittevernlegen i Bjørnafjorden kommune har i dag, måndag 4. mai 2020, sagt at det er greitt å arrangere fysiske politiske møte under føresetnad at ein følgjer gjeldande smittevernregler, skriv formannsskapssekretær Elisabeth Farstad i ein epost til representanane i dei ulike utvala.
Dette gjeld berre politiske møte. Alle administrative møte skal framleis gjennomførast som digitale møte.
Kommunestyremøtet 12. mai blir gjennomført som eit fysisk møte i storsalen på Oseana kunst og kultursenter.
Vidare vil følgjande råd og utvalsmøter bli gjennomført om fysiske møte i kommunestyresalen på rådhuset:
- Plan- og bygingsutvalet: 7., 14. og 28. mai.
- Tenesteutvalet: 27. mai
- Ombodsutvalet: 18. mai
- Råd for menneskje med nedsett funksjonsevne: 25. mai
- Eldrerådet: 26. mai
- Ungdomsrådet: 29. mai
Det vil bli utarbeidd eigne hygiene-/smittevernrutiner og retningslinjer som alle møtedeltakarar må setja seg inn i og følgja.
Møta vil ikkje vere fysisk tilgjengelege for publikum eller media, men blir sendt på kommune-TV, tilgjengeleg for alle.