Lokal | 21. mars 2015

Tilbygget ferdig

Barnehage 74 i Moldova har fått ferdig tilbygget takka vera innsatsen frå elevar ved dei vidaregåande skulane i Os og Fusa.

Tilbygget ferdig
Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, fekk den store æra å klippa det raude bandet saman med Andrei Grosu, opplæringssjef i bydelen Riscani i Chisiau. (foto: Kåre Ness)
Andris Hamrelørdag 21. mars 2015 08:20

Bildeserie:

Det var ikkje eit turt auga då borna til slutt delte brød med gjestane og framførte den eldgamle songen ”Hulubul Pacu”:  Om mor som lengtar etter borna sine, og syng: Kom heim! La oss vera saman.  (foto: Kåre Ness)

Moldova er kjent for sitt gode kjøkken. Alle rettane er laga på kjøkkenet i barnehagen. Så nydeleg at det går nesten ikke an (å øydeleggja). Dei små glasa i venstre kant er til barnehagekonjakk. Moldova er på mange måtar ulikt Norge. (foto: Kåre Ness)

Styrar Liuba i nr 74 med takkediplomar til gjevarane. Nestsjef Stela til venstre. (foto: Kåre Ness)
Styrar Liuba i nr 74 med takkediplomar til gjevarane. Nestsjef Stela til venstre. (foto: Kåre Ness)
Representantar for born , tilsette og foreldre. Representantar frå lokalt bydelsstyre og administrasjon i Chisinau by pluss Ion Crianga Universitetet. Representantar frå Hjelp Moldova og samarbeidsparnarar. Norske deltakarar var Åse Hundvin, Hans Bjørn Bakketeig og Kåre Ness i Hjelp Moldova styret. Åse sin kollega Gunhild Jetmundsen deltok, samt Marit Evjemo og Inger Wiig. Dei to siste arbeider for NORLAM  ( Norwegian Mission of Rule of Law Advisers to Moldova).

Sponsorskilt på veggen (foto: Kåre Ness)
Sponsorskilt på veggen (foto: Kåre Ness)
1 av 5

Torsdag 12. mars blei ein merkedag for Hjelp Moldova og Hans Bjørn Bakketeig. Då kunne han saman med Andrei Grosu, opplæringssjef i bydelen Riscani i Chisiau klyppa snora til tilbygget i spesialbarnehage 74. Eit bygg som har blitt ferdigstilt med hjelp frå elevar ved dei vidaregåande skulane i Os og Fusa.

– Det blei ei kjenslefull stund, fortel Hans Bjørn Bakketeig.

Les òg: Byggjer barnehage i Moldova

Frå Kåre Ness i Hjelp Moldova har vi fått denne skildringa frå opningssermonien.

-Dette har vi venta på så lenge…

Opninga av tilbygget i Barnehage nr 74 i Chisinau skriv seg inn som den viktigaste hendinga i institusjonen sin historie. Den tidlegare nedleggingstrua barnehagen står no fram som eit mønsterbruk i den moldovske hovudstaden. Dette skjer takk vera trottig innsats over lang tid. Solidaritetsarbeidet ved Os Gymnas, Os vidaregåande skule, Fusa vidaregåande og Langhaugen vidaregåande sikra ferdigstillinga av tilbygget.

Opninga gjekk føre seg på tradisjonell moldovsk vis. Ein eksplosjon i eleganse, fart og glede. Festkledde born og festkledde lærarar. Fargerike nasjonaldrakter. Brød og salt til velkomst. God mat og god drikke. Festbord som er ein pryd for auga og ein fryd for ganen. Mange talar, lange talar. Om vennskap og samarbeid.

Borna i nr 74 har ulike handicap i fysisk og/eller psykisk lei. Ønsket om å gje dei best mogeleg trening og utvikling har heile tida vore drivkrafta for å reisa tilbygget. No er draumen gått i oppfylling. To fantastiske rom kvart på 30 kvadratmeter fylde med kreativitet; musikk, dans, leik og moro, og beinhardt arbeid. Alt i målretta pedagogisk samanheng som stimulerer til vekst og verdig liv for desse små som veks opp i ei vanskeleg verd.

Tid for tale, tid for takk

Styrar Liuba viser lista over dei første norske gjevarane. Lang liste med enkeltpersonar i Nordhordland, Os, Bergen og Bamble. Året var 2001. Evig takksemd til Spelhaugen Dagsenter i Fyllingsdalen og basarane som kvart år i mange år gav mange pengar. 2500 USD i 2001. Som manna frå himmelen. Nye bad, nye toilett, nye golv. Særleg takk til skuleelvane ved dei vidaregåande skulane på Os, i Bergen og Bamble. Deira solidaritetsarbeid, deira pengar og deira vilje sikra ferdigstillinga.

Styrar Liuba sa: -At ukjende menneske i eit land så uendeleg langt borte ville hjelpa oss var vanskeleg å fatta. Men vi skjønte at dei ville oss vel. Det inspirerte oss. Det gav oss styrke, vilje og pågangsmot. Tidene var tøffe. Kommunen ville stenga nr 74 og spreia borna.

Då vi kom til nr 74 første gong i 2001 var barnehagen verkeleg ille ute. Kostøret pr barn var tre lei; ei krone og femti øre. Jamngodt med ingen ting. Første innkjøp var naudhjelp i form av vitaminer; frukt, grønnsaker og juice. Golv, bad, toilett og sanitærrom var i sørgjeleg forfatning. Pengane frå Spelhaugen gjekk direkte til renovering av sanitærromma; eitt etter eitt.

Sagt på festen:

Styrar Liuba:

-Vi var beskjedne og ba aldri om noko.

– Det var dei som spurde: Kva trengst?

- Alle nordmenn er æresgjestar hjå oss!

Hans Bjørn Bakketeig:

– Ei formidabel oppleving å møta borna i dag.

– Det sette sterke kjensler i sving.

– Desse borna fortener det beste.

Andrei Grosu, opplæringssjef i bydelen Riscani:

– Ei kjensleprega oppleving i dag. Vi er takksame, og svært imponerte over av det er heilt vanlege folk, elevar, familiar og einskildpersonar som engasjerer seg. De må formidla stor takk tilbake til dei alle.

Ana Rotaru, mor:

– Eg veit ikkje korleis vi med våre handiccappa born skulle klart oss. No får borna våre ein god start i livet.

Fru Rusu, Barnehageansvarleg i Chisinau by:

– Eg er glad dei greidde overtyda oss om at Nr 74 hadde livets rett!

– Eg beundrar Norge og nordmenn. Eg ønskjer å verta medlem i Hjelp Moldova!

Maria Povororniuc, ansvarleg for spesialskular/institusjonar:

– Det er ein forbrytelse når eit samfunn ikkje kan ta seg av born med funksjonshemming. Takk for arbeidet Hjelp Moldova gjer for svaksynte og i nr 74.

Professor Nicolae Andronati, Ion Creanga Universitet

– Å arbeida med handicappa born er vanskeleg og utfordrande. Det er idealistiske menneske som vier livet sitt til slik gjerning. Dei gjer ære på nasjonen.

Fakta om tilbygget

Bygget inneheld spesialrom for trening av dei fysisk og/eller psykisk utviklingshemma borna. Hjelp Moldova har samarbeidd med nr 74 i 15 år. I starten var arbeidet prega av naudhjelp. Litt etter litt skaffa vi ved hjelp av gode støttesplarar pengar til renovering av sanitærrom og opphaldsrom. Arbeidet med tilbygget har teke fem år. Finansieringa, i alt om lag 300.000 kroner, har vore tung. Ved hjelp av solidaritetsarbeid ved vidargåands skular i Os, Bergen og Bamble kunne bygget ferdigstillast rundt juletider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.