Kultur | 28. nov. 2014

Tilbyr mentor, husband og giftekniv

Er du flink til noko? Til UKM 2015 kan du få både hjelp, øving, eige band – og ein ny partnar.

Tilbyr mentor, husband og giftekniv
Sevin Kadir var blant dei frå Os som gjekk vidare i UKM i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandfredag 28. nov. 2014 07:59

Måndag 1. desember opnar påmeldinga til Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Lokalmønstringa i Os er for fjerde år på rad i Oseana saman med ungdomen frå Fusa, men ein månad seinare enn vanleg.

UKM 2015 blir arrangert 14. mars i Oseana.

– Fylket har utsett fristen for kor tid dei vil ha inn bidraga som går vidare frå lokalmønstringa og då passa det godt å skyva litt på det, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Sjå film og bilde frå UKM 2014 i Oseana her

Han ventar ikkje så mange påmeldingar før jul, normalt kjem dei fleste etter juleferien. Han er glad for at ungdomen får fleire veker på seg til både påmelding og øving på nyåret.

– Kva med piano og rap i same innslag?

Nytt i år er at arrangørane, Os kommune og Fusa kommune, legg til rette for å gje meir hjelp til dei som melder seg på. Og til dei som vurderer å melda seg på.

Dei får tilbod om å få eit husband i ryggen og dei får høve til å øva med husbandet.

– Det finst også fleire eksempel på at innslag kan bli betre om di slår saman to eller tre til eitt. Då kan du også vera kreativ og skapa noko heilt nytt.

– Kanskje ein som er ein racer på fiolin kan spela mens ein annan dansar eller les eit dikt? Kanskje ei som er god på piano skulle vore kopla saman med ein som rappar? seier Kjetil, klar for å vera giftekniv, klar til å kopla ungdom som kanskje kan fungera saman på ein ny måte.

Inga konkurranse

Kvart år deltar meir enn 25.000 ungdomar over heile landet på UKM.

– UKM gjev deg høve til å visa andre kva du driv med på fritida, og i tillegg til publikum i salen er det ein fagjury som skal plukka ut deltakarar til fylkesmønstringa i april, seier Erik Vangsnes frå Fusa kommune.

Dei som går vidare frå fylkesmønstringa får vera med på UKM-festivalen i Trondheim i juni.

Ungdomane kan delta med ulike kulturuttrykk frå musikk, song, teater, design, til litteratur, foto/film, kunsthandverk, dans og stand up. Du kan også vera med som konferansier eller arrangør.

– UKM er inga konkurranse, her kan alle stilla opp.

Ny aldersgrense

Nytt av året for lokalmønstringa er at deltakarane må vera fylt 13 år.

– Tidlegare har nedre aldersgrense vore 10 år, men den er no heva for å gjera mønstringa meir attraktiv for ungdom.

Det har dessutan allereie vore 13-årsgrense på å bli sendt vidare til landsmønstringa nokre år, dermed har talentfulle ungar under 10 år, som gjerne skulle vore sendt til landsmønstring, blitt stoppa på fylkesnivå. Samtidig har dei tatt opp plassen til 13-åringar som kunne gått heile vegen.

Vangsnes fortel at ungdomsrådet i Fusa har vore med og drøfta, og at dei har vore einige med avgjerda.

Fylkesmønstringa og landsmønstringa har allereie nedre aldersgrense på 13 år.

– Truleg blir det ei fleksibel ordning for band slik at bandmedlemmer kan vera yngre enn 13 år dersom fleirtalet er over.

Det er dei kommunale kulturkontora i Os og Fusa som står som tekniske arrangørar.

Kontaktperson i Os kommune er Kjetil Grønvigh, i Fusa Erik Vangsnes og Are Fløisand.

Sjå film og bilde frå UKM 2014 i Oseana her


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.