Osbadet tilbyr fritidsordning der elevane kan velja mellom bading, leik i Oshallen og aktivitetar i Os Idrettspark. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tilbyr SFO med open hall og ope basseng

Osbadet lanserer eigen fritidsordning for skuleelevar med start til hausten.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Namnet er ikkje heilt spikra enno, men det ligg an til å bli AFO, aktivitetsfritidsordning, seier dagleg leiar i Osbadet KF, Bård Alfstad.

– Svømmefritidsordning ville vore misvisande, for hos oss kan elevane velja mellom svømming, leik i Oshallen og aktivitet utandørs i Os Idrettspark, ved sidan av måltid og leksehjelp. Dessutan ville vi då fått same forkorting som ordinør SFO, skulefritidsordninga.

Intern idé og kompetanse

Alfstad fortel at ideen om å starta fritidsordning kom frå eigne rekker.

– Det var tilsette i Osbadet som kom med forslaget. Vi er dessutan heldige som har fleire lærarstudentar og tilsette med erfaring som skulevikarar hos oss.

– Dette kjem godt med når elevane skal få leksehjelp.

For heile kommunen

Denne veka fekk elevar ved barneskulane i Os informasjon med seg heim. Dei første påmeldingane kom raskt.

Osbadet si komande fritidsordning er for 1 til 4 dagar og er open for alle i Os kommune. Den inkluderer òg henting ute på skulane.

– Vi har både kjøkken, anlegg og kompetanse, og kan driva denne utan å leiga inn tenester. Nokre av dei tilsette har og ønskje om å trappa opp i stillingsprosent, men om det er mange som melder seg på så kan det bli fleire arbedsplassar i Osbadet KF.

– Eg håper på god respons, at dette blir nok eit bein for Osbadet å stå på. Men eg håper samtidig at det blir eit supplement, ikkje ein konkurrent, til dei etablerte fotballfritidsordningane til Os Turn og Nore Neset il.

Med open hall kvar søndag

Til hausten startar Osbadet òg med open hall kvar søndag.

Dei har fått 50.000 i KUP-midlar og investerer over 100.000 kroner i utstyr for leik i hallen frå klokka 10 til 12.

 

Fleire saker