Tildelt gylden tommestokk
I fjor blei Veronica Søilen Halhjem kåra til årets marknadsførar, i år fekk ho den meir personlege prisen; årets seljar.
Den interne konkurransen er hard mellom Mesterhus-kjeden sine 150 frittståande byggmeisterfirma, men salssjef Veronica Søilen Halhjem hos Bjørn Døsen AS har hevda seg to år på rad.
I fjor vann Bjørn Døsen AS med Veronica i spissen prisen for beste marknadsførar, i år vann ho ein meir personleg pris; årets seljar.
– Eg tar ikkje prisen personleg, dette er teamarbeid, seier Veronica, som delte førsteplassen med Thomas Sommer frå Mesterhus Oslo. Dei to selte i fjor akkurat like mange hus.
– Det er imponerande å bli kåra til årets seljar når du konkurrerer mot over hundre andre Mesterhus-bedrifter i heile Noreg, seier markadssjef Monica Blom Thorsen i Mesterhus Norge.
Fokus på kommunikasjon med kunde
Thorsen seier Halhjem har god lokalkunnskap og at ho kvar dag etterlever slagordet til kjeda; «Det blir som avtalt».
– Eg trur alle ønskjer å ha nøgde kundar og å kommunisera godt i sals- og byggeperiode, men dette er lettare om du har gode rutinar. Det er nettopp dette med rutinar for oppfølgking vi har hatt i fokus det siste året, noko som kanskje allereie har gjeve effekt, seier Søilen Halhjem.
Årets seljar blei overrekt ein forgylt tommestokk og eit reisegåverkort på 10.000 kroner saman med diplomen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.