Lokal | 19. aug. 2019

Tillaup til slåstkamp både fredag og laurdag

Politiet blei tilkalla til utestadar i sentrum to gongar i helga.

Tillaup til slåstkamp både fredag og laurdag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. aug. 2019 08:35

Både natt til laurdag og natt til søndag blei politiet tilkalla grunna tillaup til slåskamp.

– Situasjonen roa seg begge gongar. Det var heller ingen som var skadd, eller som ville melda motparten, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Han oppmodar folk å oppføra seg når dei er på fest.

– Då blir det hyggelegare for alle som er ute.

Sjekka fart og promille fleire stadar

I løpet av helga har politiet hatt fleire sporadiske trafikkontrollar.

– Patruljen plasserte seg på nokre av stadane vi har fått tips om, stadar der det ofte blir registrert ufin køyring.

Politiet kontrollerte fart, promille og dokument, blant anna 50 bilar i Sperrevik laurdag kveld frå klokka 11.

Men dei fann ikkje noko å reagera på.

Uvisst om det blir reaksjonar på hopping frå Strønebrua

Fredag ettermiddag blei det utløyst ein stor redningsaksjon under Strønebrua.

Luftambulanse, ambulansebåt og dykkarar stilte opp etter melding om gut som hoppa, men dei involverte gutane kom tilbake i båt og fortalte at dei var like heile.

– Dei la seg langflate, og eg trur ikkje dei kjem til å gjera dette fleire gongar. Vi har oppretta sak, men det er førebels uvisst om det kjem reaksjonar på hendinga.

– Vi vil blant anna sjekka om det er skilta med hoppeforbod frå brua, fortel lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.