Ein tilsett ved Er-An Veikro på Røykenes har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.
Vedkomande var på jobb i smittsam fase ettermiddag og kveld laurdag 3. og søndag 4. april.
– Det er låg risiko for at besøkande kan ha blitt smitta i dette tilfellet. Men vi ber likevel om at alle som har besøkt restauranten i det aktuelle tidsrommet er ekstra merksame på symptom, og har låg terskel for å testa seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Svært gode smittevernrutinar
Er-An Veikro held stengt fram til og med torsdag 8. april.
Alle tilsette blir testa i dag.
Tre av desse blir rekna som nærkontaktar til den smitta, og er sett i karantene.
– Er-An har svært gode smittevernrutinar. Den tilsette har brukt munnbind og hanskar heile tida, og har ikkje hatt symptom. I samråd med Er-An ber vi likevel besøkande om å følgja med og testa seg ved symptom, seier Melf.