Sport | 20. nov. 2011

Tim lager liga

Tim Henrik Sperrevik vil ha ein fartsfylt, men leiken start som A-trenar. No opner han dørene og inviterer til ligaspel.

Tim lager liga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. nov. 2011 22:42

Søndag kveld hadde Tim Henrik Sperrevik si andre trening med A-laget etter at han overtok som hovudtrenar for Os.

Les òg:
Tim overtar A-laget

– Vi kjører innandørs kvar søndag fram til jul. Kanskje får vi også éi trening i veka innandørs i nokre veker etter jul, seier Sperrevik.

Utandørs blir det to treninger i veka ut året, i tillegg til eigentrening, og desse kveldane blir sett av til ligaspel.

Open for alle

– Oppkjøringa er så lang at eg vil at vi skal starta med å ha det litt gøy. Dessutan er denne ligaen ein fin måte å ta imot nye spelarar på, seier Tim.

Både seniorstallen, juniorane, oldboys og nye spelarar er med i ligaen.

– Dei som vil prøva seg på Os kan melda seg på i ligaen og koma her og bryna seg i runde etter runde med uformell action, låge skuldre og høgt tempo.

Tar med seg poenga

Ligaen kjem til å gå tysdagar og torsdagar på 5-arbane, der spelarane blir delt på nye lag til kvar runde, men tar med seg 3 poeng per siger, 1 per uavgjort og 1/2 poeng per skåring.

– Når ligaen er ferdig får vi laga til ei sosial samling med premieutdeling. Eg trur dette blir ein kjekk start på oppkjøringa.

Leik og Kinden på trening med Os

14 spelarar var på innetrening med Os i kveld. I tillegg til dei frå årets Os-stall var Søre Neset-toppskårar Anders Kinden og Vegard Leikvoll Moberg, som gjekk frå Os til 2. divisjonsklubben Åsane i fjor, på banen.

– Eg har kontrakt ut neste år med Åsane, og vi er nok blant kandidatane til å rykka opp til 1. divisjon neste år, seier Leik.

Vegard har spelt i alle kampane til Åsane i år. Kven som blir ny trenar for klubben er uklart.

– Det blir spennande å sjå kven som overtar og korleis planane for 2012 er. Os og Kuventræ er ikkje heilt utelukka, det freister på mange måtar å koma tilbake, men sjansane er nok størst for at eg blir verande i Åsane og 2. divisjon.

Anders Kinden spelte på Os som junior, men har dei siste åra spelt for Søre Neset. Også han trente med Os i dag.

– Eg vurderer comeback på Os, men har ikkje bestem meg, seier Kinden.

Les òg:
Tim jaktar gamle heltar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.