Sport | 08. juni 2009

Tim redda tre poeng

Os var svake mot botnlaget Djerv i dag. Ein god Tim Henrik Sperrevik og to straffar redda heimesiger.

Tim redda tre poeng
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juni 2009 19:54

Bildeserie:

1 av 6

Os opna ganske bra, men fekk eit tidleg mål imot etter noko som såg ut som ein markeringsfeil i forsvaret på frispark frå Djerv sin venstre kant.

Ti minutt seinare fekk Tim ballen frå Torkel, kjempa seg gjennom midtforsvaret og utlikna med ei flott skåring.

Etter dette såg ikkje heimelaget sitt spel så flott ut lenger.

- Djerv kjempa godt og vi fekk ikkje samspelet til å fungera, noko som gjorde at det blei mykje springing på oss i dag, seier kaptein Stian Lunde.

Os tok leiinga
Os tok leiinga på straffe av Vegard Leikvoll Moberg i andre omgang, men gjestane utlikna.

- At vi ikkje gjev alt før vi må er ikkje så bra, men eg er nøgd med at vi klarar i vinna slike dårlege kampar.

Nok ein straffe gav dagens osing Tim Henrik sjanse til ny skåring, og Tim sin finte funkar framleis. 3-2 på overtid og tre poeng på ein dårleg dag for Os.

Anders Glesnes hadde nokre frispark på mål som keeper redda, og Os hadde nokre skåringar som blei annulert grunna offside.

- Tapte nesten alt
Trenar Frank Hellevik seier det er med flau smak i munnen han tok med seg tre poeng frå dagens heimekamp.

- Vi har berre oss sjølv å takka for at ikkje vi styrte kampen. Vi tapte nesten alle duellane og samtlege andreballar, seier han.

- Dette var heilt ordinært dårleg. Dei få gongane vi klarte å sentra to-tre gongar så skapte vi sjansar, men det var sjeldan. Hadde det ikkje vore for Tim i dag så hadde det gått heilt skeis.


Os sitt lag: Halvard Enes, Anders Glesnes, Per Søgnen Merai, Dani Bergstø, Remi Osebakken, Vegar Leikvoll Moberg, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Christian Almeland, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik.
Byte: Tony Skarvatun for Osebakken, Ramo Racic for Almeland og Aleksander Lindkvist for Bjørnen.
Tilskodarar: 114
Dagens osing: Sperrevik

Os ligg framleis på 2. plass på tabellen, likt i poeng med Tertnes. I neste kamp, som er på bortebane laurdag 13. juni, møter Os tabelljumbo Trio.

Så står tabelltrear Voss på heimebane laurdag 20. juni, og Tertnes på bortebane 27. juni igjen før ferien. Tertnes og Voss spelar mot kvarandre på Tertnes sin bane førstkomande onsdag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.