Sport | 29. aug. 2018

To timar med leik - to timar på tribunen

Barnas Dag: Kvar tilskodar er verdt 102 kroner. Alle kjem gratis inn.

To timar med leik - to timar på tribunen
Marius Mikkelsen og Mats Cato Moldskred vil fylla tribunen med born og vaksne. Men først er det to timar med ulike aktivitetar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. aug. 2018 18:58

I juni fortalte Os-spelar Mats Cato Moldskred om ein idé frå fjoråret i OBOS-ligaen som han ville adoptera til Os.

Ideen handlar om å laga «Barnas Dag», ein open og gratis aktivitetsdag for born i alle aldrar, med eller utan følgje av foreldre - med og utan ball. Etter aktivitetar frå klokka 13 til 15 er det servering og avmarsj til tribunen.

Der kjem ungane, foreldra og alle andre gratis inn på kamp (Os-Loddefjord).

– I Kongsvinger kalla dei det «Krone-Kampen», der det var fri entré, men der sponsorane betalte éi eller fleire kroner per tilskodar. I Os kallar vi det Barnas Dag, med eit utvida program før kamp.

– Vi fekk utruleg god respons ute blant bedriftene. Vi rakk ikkje ringa alle, men det var knapt ein einaste som sa nei, fortel Mats Cato.

Bedriftene har takka ja til å gi frå 1 til 10 kroner per tilskodarar. I alt har det kome inn 102 kroner i støtte per tilskodar.

– Pass på å få lodd på veg inn, både så vi får telja alle, og så du er med i trekninga av ulike premiar!

Aktivitetar for alle aldrar

Lagkamerat og tilsett i Os Fotball, kaptein Marius Mikkelsen, seier klubben ikkje veit kor mange ungar som kjem på laurdag.

– Enkelte sender epost for å melda ankomst, men det er ikkje naudsynt med påmelding. Vi har mange som står klare, og er førebudd på å ta imot over 300 ungar.

Deltakarane blir fordelte på ei rekkje stasjonar, og får prøva alt frå boblefotball, ansiktsmaling og hoppeslott til å skyta og springa mot ulike typar fartsmålarar.

– Det er jo ein aktivitetsdag, så vi lager nokre kjekke fotballøvingar, og det å få måla kor hardt du kan skyta ein ball, eller kor mange km/t du klarer å springa, er sikkert kjekt for ungane.

Mikkelsen kjenner til at det både er Bondens Dag og Oselvarverkstaden same dag.

– Om det er nokon som ikkje rekk opp her til klokka 13 så kan dei koma seinare og vera med på eit utval av aktivitetar. Etterpå er det over til tribunen, der Tore Kleppe skal leia ungane i friske heiarop mens vi speler mot Loddefjord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.