Sport | 26. mars 2017

Tiril og Carmen tok gull og bronse i NM

I går var tre frå Os Karateklubb på matta, i dag skal alle årets seks NM-deltakarar frå Os kjempa om fleire medaljar.

Tiril og Carmen tok gull og bronse i NM
Tiril Skønberg Haaland tok gull i kumite, Carmen Bruarøy, tok bronse i kata i NM i Bærum i går. (Foto: Frank Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. mars 2017 09:54

Bildeserie:

Tiril med NM-gullet. (Foto: Frank Baggen)
Tiril med NM-gullet. (Foto: Frank Baggen)
1 av 1
Tiril med NM-gullet. (Foto: Frank Baggen)

I helga er dei beste karateutøvarane i Noreg samla i Bærum. Norges Kampsportforbund sitt einaste offisiell NM i karate går i NKF semikontakt, fullkontakt karate og shobu ippon karate.

Os karateklubb reiser med seks deltakarar, laurdag var tre av dei i sving i kata og kumiteformen shobu ippontil allstyle-NM i karate i Bærum.

Tre av dei var på matta då det laurdag sto kata og shobu ippon (førs til å skåra ippon) på programmet.

Tiril blei noregsmeister - Carmen tok bronse

Carmen Bruarøy og Tuva Baggen deltok i kata, Tiril Skønberg Haaland gjekk kamp.

Tuva gjekk to gode kataer, men nådde ikkje opp på pallen. Lagvenninna Carmen tok bronsjemedalje i kata jenter ungdom, melder Os Karateklubb etter første dag.

Tiril kjempa godt og blei noregsmeister i shobu ippon kumite jenter junior brunbelte.

I dag skal alle seks frå Os gå kamp.

Her er deltakarane frå Os, klasse for klasse:
Tiril Haaland - jenter junior +59
Tuva Baggen - jenter ungdom -43
Carmen Bruarøy - jenter ungdom +49
Armin Palislamovic - gutter junior -68
Sondre Kvamsdal - gutter kadett -70
Benjamin Askvik Midtbø - gutter ungdom +51

• Midtsiden samleside: Kampsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.