Lokal | 05. feb. 2017

Tissa frå brua og sprengde postkasse

Fredag kveld blei ein mann tatt for urinering i Os hamn - laurdag kveld blei det høyrd kraftige smell i Gymnasvegen.

Tissa frå brua og sprengde postkasse
Mannen tissa ut i elvemunningen, frå brua utanfor lensmannskontoret, og er meldt for urinering. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresundag 05. feb. 2017 09:28

Fredag kveld, klokka 23, blei ein mann tatt for urinering i Os sentrum.

Han sto på Osbrua og urinerte då han blei oppdaga.

– Mannen, som er i 20-åra, er meldt. Han erkjente forholdet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

• Les òg: Jente meldte om overfallsvaldtekt i Os sentrum

Sprengd postkasse

– Klokka 00.20 blei det meldt om kraftig smell frå Gymnasvegen.

Patruljen som reiste ut oppdaga at nokon hadde gjort skadeverk på ei postkasse.

– Vi veit ikkje kven som har gjort skadeverket, seier operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.