Lokal | 01. mai 2010

Tissa på teppet

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. mai 2010 07:46

Natt til laurdag blei ein vaksen festdeltakar henta av politiet. Mannen var full og hadde blant anna urinert innandørs.

- Patruljen kjørte vedkomande heim, men då dei skulle setja han av fann dei ut at han var for full til å ta hand om seg sjølv, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand.

- Han blei kjørt via legevakt til overnatting i arresten her i Bergen. Han er ikkje meldt for noko, vedkomande sit berre her til tørk, legg han til.

Slåssing på Gudriflaten
Tidlegare fredag kveld, i 22-tida, fekk politiet melding om slåssing på Gudriflaten, utanfor Steinsenteret.

Det kom også melding om at ein ungdomsgjeng kasta flasker på passasjerar på veg av bussen i same området. Men patruljen var opptatt på denne tida og kunne derfor ikkje rykka ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.