Lokal | 27. nov. 2017
Tjuv kom tilbake
To butikktjuvar tatt på AMFI Os.
Andris Hamremåndag 27. nov. 2017 11:50
Måndag formiddag fekk politiet melding om butikktjuvar på AMFI Os.
– Meldt om to stykk butikktjuvar - ein tjuv blei helden tilbake, melder Vest politidistrikt på Twitter.
Den eine tjuven skal ha løpt frå staden, men kom tilbake for å hjelpa den andre.
– Den andre tjuven løp ut frå butikken, men kom tilbake etter litt for å hjelpe den andre. Vedkommande var då litt "slankare". Det blei gjort funn av tjuvegods i bil utanfor butikken, fortel politiet.
Politiet følgjer opp forholdet.