Lokal | 16. okt. 2012

– Tjuven har truleg spasert rett inn

Medan det var byggearbeid på Os Gymnas i haustferien har nokon vore inne og stole minst fire pc-ar.

– Tjuven har truleg spasert rett inn
Os Gymnas. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. okt. 2012 09:17

Måndag fekk politiet melding om tjuveri ed Os Gymnas.

– Fleire pc-ar er sakna, men det skal ikkje vera snakk om innbrot, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Rektor ved Os Gymnas, Trond Eikeland, fortel at dørene på skulen har stått opne store delar av haustferien.

Høg byggeaktivitet

– Vi held på med universell utforming av skulen og byggearbeidarane brukte haustferien til ekstra høg aktivitet.

– Minst fem handverkarfag var i sving, og no ser det ut som om nokon har misbrukt det at dørene sto opne, og at det var fleire firma med folk som ikkje kjenner kvarandre, i aktivitet her.

– Syndaren har kanskje spasert rett inn og forsynt seg.

4 pc-ar og 1 kalkulator

I går oppdaga skulen at minst fire pc-ar er sakna. Også ein kalkulator i prisklasse rundt 1000 kroner er vekke.

– Vi har grunn til å tru at dette skjedde fredag, fortel Eikeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.