Tjuveri, hærverk og festbråk
I helga har det blant anna vore tjuveri store menger diesel, hærverk på UnoX, festbråk i Øyane og ein og annan hissigpropp å ta hand om for politiet.
I helga har det vore tjuveri av 500 liter diesel.
– Dieselen er tappa frå til vogntog parkert i Industrivegen. Om nokon har observasjonar som kan ha med tjuveriet å gjera så er vi interesserte i tips, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Måndag morgon fekk politiet melding om hærverk på Lyssand Bil/UnoX.
– Nokon har kasta fleire søppelspann utover. Det er førebels uklart om noko er skadd.
Politiet fekk også melding om hærverk på busskur i Storestraumen. Det viste seg å vera ein veldig hissig mann på staden, men han hadde ikkje øydelagt noko.
Bråk og vanskeleg gjest
Natt til søndag var politiet i Telthuskvartalet for å hjelpa vaktane på Bar2Be med ein kranglete gjest.
– Mannen nekta å retta seg etter pålegg om å fjerna seg frå staden, og blir meldt for forholdet.
Laurdag kveld fekk politiet melding om bråk frå fest, ein fest med mindreårige gjestar, i Øyane.
– Dei fleste var rundt 18 år. Vi rykte ut og det roa seg.
Utan hjelm i Strøno
Midt på dagen laurdag hadde politiet trafikkontroll i Sperreviksvegen. Der var det ingen reaksjonar.
– Men tidlegare på dagen, i Strøno, møtte patruljen ein mopedist utan hjelm. Vedkomande fekk gebyr, fortel Sperrevik.
Natt til laurdag fekk politiet tips om ein trailer som sto med opne dører utanfor Os Byggsenter.
– Det viste seg at sjåføren låg og søv og lufta det tomme lasterommet, så der var alt i orden.