Lokal | 19. mars 2012

Tjuveri, høg fart og falsk ID

Éin ungdom fekk 6500 i forelegg, ein annan blei tatt med falsk leg. I tillegg fortel politiet om ulykke etter bråbremsing med buss og fleire tjuveri i løpet av helga.

Tjuveri, høg fart og falsk ID
Politiet på plass i Strøno etter utforkjøring og avstikk. (Foto: Klas Færøvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. mars 2012 11:32

I helga har det vore både branntillaup, ein valdsepidode i Hagavik og ei utforkjøring med avstikk i Strøno.

– Når det gjeld utforkjøringa så er den framleis under etterforsking. Meir vil vi førebels ikkje seia om saka, anna enn at det er alvorleg å stikka av frå ei ulykke, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet har også hatt fleire andre saker å henga fingrane i denne helga:

• Fredag fekk politiet melding om lettare skadd busspassasjer. Bussen hadde bråbremsa grunna møtande trafikk og passasjeren hadde dunka seg. Uhellet skjedde i Lysefjorden.

• Ein person fekk fredag kveld tak i fleire tusen kroner i kassen på Joker på Søfteland og stakk frå staden. Vedkomande er mørk i huden og snakkar gebrokkent engelsk.

• Ein gut er tatt for bruk av falsk ID på Irish Cat.

• Irish Cat meldte også ifrå om rebelsk gjest natt til laurdag. Gjesten blei lagt i bakken og hevdar sjølv at han blei slått i bakken av vaktane.

• Politiet hadde laurdag promillekontroll i Hatvikvegen og fartskontroll på Søfteland. På Hatvik var alle 25 edru, på Søfteland var det ein som bli målt til 81 km/t i 60-sona. Han fekk forelegg på 6500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

• Ein rusa person blei observert gåande med ein mikrobølgjeomn i nevane. Omnen var sakna frå ei bedrift i Os.

• Politiet rykte ut på melding om fest med fleire mindreårige. Patruljen "rydda" litt på festen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.