Lokal | 20. apr. 2010

Tjuveri, kollisjon og slåsskamp

Det siste døgnet har politiet fått melding om blant anna slåssing, tjuveri og avstikk frå kollisjon.

Tjuveri, kollisjon og slåsskamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2010 08:54

- Måndag formiddag fekk vi melding om to tjuveri. Frå ein bustad på Kuven er det sakna ein motorsykkel eigna for motocrosskjøring for ungar, frå eit naust i Vargavågen er det sakna nokre bensinkanner, fortel politibethent Kenneth Rastad.

Mista førarkortet etter kollisjon
Måndag i 14-tida kolliderte to bilar i krysset mellom Byvegen og Prestegardsskogen. Ingen blei skadd i samanstøyten, men den eine føraren stakk frå staden.

- Det var to kvinner som kolliderte, ei som kom frå Os mot Bergen og ei som kjørte ut frå Prestegardsskogen. Ho som ikkje heldt vikeplikta kjørte vidare, men blei innhenta i Os sentrum.

Ho skal då ha forklart at ho ikkje la merke til at bilane hadde vore borti kvarandre. Politiet har tatt beslag i førarkortet.

Stolen i Bergen - funnen i Os
Måndag blei ein sykkel som er meldt stolen funnen på ei adresse i Os.

Sykkelen blei stelt i Bergen for ei tid tilbake, og sto hos ein kjenning av politiet. Vedkomane er meldt for tjuveri.

Slåssing i parken
På kvelden måndag fekk politiet melding om at det hadde vore ein slåsskamp på Kyrkjeflaten.

- Vi fekk melding i etterkant av slåsskampen, men rykte ut og snakka med ein av partane. Dei hadde då gått kvar til sitt, og det er uvisst om saka får vidare etterspel, opplyser Rastad.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.