Tjuveri og funn av narkotika
Han stal stereoanlegget, men la dopet sitt igjen i bilen i Varåsen natt til torsdag. Også torsdag og fredag morgon blei det funne amfetamin i Os.
Torsdag morgon fekk politiet melding om tjuveri frå ulåst bil i Nedre Varåsen.
– Stereoanlegget var tatt frå bilen. I bilen fann vi noko narkotika som syndaren truleg har mista medan han styrte på i bilen, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Politiet følgte opp i løpet av torsdagen med ransaking på fleire adresser. På ei av adressene fann dei noko dei trur er amfetamin og ein mann blei pågripen.
Interessert i tips
– Tjuvgodset frå bilen har vi førebels ikkje funne, men om nokon har sett noko aktivitet i Nedre Varåsen natt til i går så er vi interessert i tips.
– Det blei også funne ein liten svart sykkel ved bilen, også den kan vera stolen.
Større beslag fredag
Fredag morgon, i høve ei anna etterforsking politiet held på med, var dei på ransaking på ei adresse.
– Vi fann ei viss mengd med noko vi trur er amfetamin. Éin person er pågripen, seier Sperrevik.