Lokal | 02. juni 2010

Tjuveri og innbrot

I går og i natt var det både tjuveri av mobiltelefonar og innbrot ved Os ungdomsskule.

Tjuveri og innbrot
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2010 07:38

Tysdag formiddag fekk politiet melding om tjuveri av to mobiltelefonar ved Os ungdomsskule.

- To elevar hadde blitt frastole mobiltelefonane sine, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

- Det var snakk om at dei hadde ein mistenkt, så truleg har skulen, foreldra og elevane ordna opp.

Alarm i natt
Natt til onsdag gjekk innbrotsalarmen ved ungdomsskulen.

- Det er spor etter at dei har røska vekk noko fastmontert datautstyr, men uvisst om noko er sakna. Vi har folk på åstaden no i dag, seier Hadler-Olsen.

Dei uvelkomne gjestane tok seg truleg inn eit vindauge. Om dette var ope eller om dei har brote det opp er også uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.