Lokal | 08. des. 2019

Tjuveri og slåsting i Os sentrum

To menn blei viste vekk frå Øyro, ein på dagtid, ein annan på natta.

Tjuveri og slåsting i Os sentrum
Politiet fekk eit par ærend i Os sentrum laurdag og natt til søndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. des. 2019 08:18

Laurdag i 17-tida fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk i Os sentrum.

– Vedkomande hadde forsynt seg av nokre varer utan å betala. Vi fjerna vedkomande frå sentrum, for å unngå fare for yttarlegare ordensforstylling, og gav han pålegg om å halda seg vekke til søndag, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande, ein mann i 40-åra, er meldt for tjuveriet.

To menn barka saman

I 02.30-tida natt til søndag var det usemje mellom to menn på ein utestad.

– Dei skal ha vore både verbalt og fysisk utagerande, men ingen blei skadd.

Ein av dei, ein mann i 30-åra, fekk på legg om å fjerna seg frå sentrum og halda seg vekke resten av natta, noko politiet har inntrykk av at han etterkom.

Påkøyrd hjort ved Gymnasvegen

I fjor haust blei to hjort påkøyrd på same stad med to vekers mellomrom. Rundt midnatt laurdag kveld blei nok ein hjort påkøyrd på Byvegen nær krysset til Gymnasvegen.

– Hjorten skal ha blitt liggande igjen i området, truleg død. Viltkontakt blei varsla. Ingen personar blei skadd.

Meir snoking?

Denne veka har fleire innbyggarar i Os diskutert og meldt frå på Facebook om snoking rundt hus og, i eitt tilfelle, tjuveri frå ein bod.

– Vi har ikkje grunnlag for å seia at folk treng å vera redde, men det er alltid greit både å låsa bod og garasje, og å vera observant, seier Grindstein.

Laurdag i 21.45-tida fekk dei melding frå nokon som såg ein mann i eigen hage, som hoppa over eit gjerde og forsvann frå staden i ein grå bil. Dette skjedde i Nilsavegen.

– Vi har ikkje registreringsnummer på bilen, og veit ikkje kva ærend han var i, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.