Lokal | 24. nov. 2018

To tjuveri på fire dagar

Sykkeltjuv blei fanga på kamera. Fire netter seinare rauk naboen sin sykkel til.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. nov. 2018 18:09

To gongar på fire døgn har det blitt stole syklar i Varåsen.

Natt til onsdag blei tjuveriet fanga på film.

– Tjuveriet blei oppdaga då sonen vår skulle sykla til skulen, fortel huseigar.

– Det er sånn som skjer, men det er kjedeleg for han. Sykkelen er berre eit par månadar gamal.

Sonen er 9 år, men sykkelen er på 28 tommar, altså stor nok til ein ungdom. Ut frå bilde frå overvakingskamera ser det ut som om det er nettopp ein ungdom som har stole sykkelen. Tjuveriet skal ha skjedd klokka 02.10 natt til onsdag.

– Vi har alarm, og eg angra først på at eg kjøpte kamera. Fram til no. Så får vi sjå om politiet kan bruka opptaka, eller om nokon kan tipsa politiet ut frå kva dei ser.

– Eg ønskjer uansett å åtvara naboar om tjuveriet.

Nok eit tjuveri i natt

Videoen blei publisert på ei Facebook-gruppe for nabolaget sør for bommen i Øvre Varåsen.

Likevel blei det stole nok ein sykkel fire netter seinare.

Natt til laurdag skal det ha blitt stole ein svart herresykkel frå ein garasje tre hus oppanfor der tjuven blei filma onsdag.

Samtidig står det ein sykkel igjen i same nabolag, ein svart herresykkel av merket Scott. Men den er utan sete.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.