Lokal | 14. okt. 2019

Tjuveri, ulovleg passasjer og mykje feststøy

Sånn var helga for politiet.

Tjuveri, ulovleg passasjer og mykje feststøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. okt. 2019 08:13

Tjuveri av to syklar frå låst garasje, feststøy til klokka 6 om morgonen og to påkøyrde hjortar er blant det politiet har fått melding om i helga.

Under følger notisane frå fredag til måndag morgon:

Fredag på dagtid fekk politiet melding om trugslar. Ein mann hadde sendt trugslar via sms til ekskjærasten sin. Ho vurderer å melda episoden. Det skal ikkje ha vore vald mellom partane tidlegare.

I 19-tida fredag blei ein moped stoppa i eller nær Lysefjorden. På mopeden sat to ungdomar, den eine utan hjelm. Førar fekk forelegg for å ha passasjer, passasjer fekk gebyr for ikkje å bruka hjelm.

Klokka 01.16 natt til laurdag blei det meldt om lekkasje av propan på ein bensinstasjon. Stasjonen blei stengt ein periode for lufting. Os brannvesen var på staden.

Laurdag formiddag stoppa politiet ein bil som mangla eit baklys. Bilførar fekk pålegg om å utbetra dette innan måndag. Politiet fekk melding om kalv i vegen i Hegglandsdalen og om sakna hund.

Klokka 21.55 laurdag kveld fekk politiet melding om påkøyrd hjort på E39 på Søfteland. Ein skadd hjort låg i vegbanen, men viltkontakten kom raskt til staden. Hjorten var påkøyrd av ein bubil.

I 22.30-tida fekk politiet klage på høg musikk på ei adresse nær Os sentrum. Det skal ha vore eit gjentakande problem, og nabo fekk ikkje kontakt med dei som spelte musikk. Politiet rykte ut til adressa, der nokre ungdomar hadde LAN. Det står ikkje notert om det var alkohol på adressa, men tre av ungdomane er mindreårige, og foreldra blei kontakta.

Klokka 01.22 natt til søndag blei politiet kontakta grunna støy frå ei adresse i Os aust. Det var mykje rop og skrik frå adressa. Politiet rykte ut og møtte ein mann i starten på 20-åra som ikkje kom seg inn på adressa. Han framsto som svært full, og blei frakta til legevakt for sjekk.

Ein person som politiet møtte i Os sentrum klokka 04.31 fekk pålegg om å fjerna seg frå Osøyro fordi vedkomande var full.

Klokka 05.30 oppdaga politiet ein bil som sto parkert på fortauet på Halhjem ferjekai, i vegen for fotgjengarar på veg til og frå ferjene. Dei skreiv ut gebyr og la på bilen.

Klokka 05.50 fekk dei melding om høg musikk og allsong frå ein fest på Søre Neset. Meldar ringte tilbake til politiet eit kvarter seinare, og sa at no var festen slutt.

Søndag klokka 17.43 fekk politiet melding om ein som køyrde i eit autovern på Halhjemsvegen. Meldar rekna med at vedkomande hadde sovna bak rattet. Bilen hadde punktert, men bilistenkom seg ned til ferjekaien og tømte bagasjerommet for å få tak i reservehjul. Politiet rykte ut og kontrollerte bilførar, som var edru.

To syklar er meldt stolen frå ein fellesgarasje på Søfteland, den eine av dei er ein kostbar sykkel av merket Merida. Garasjeanlegget er normalt låst, eigar reknar med at nokon har tatt seg inn i ein periode porten var open. Minst ein av syklane var låst med vire, men denne er klipt av.

Klokka 07.09 fekk eit køyretøy problem på Byvegen. Buss hadde vanskar med å ta seg forbi den havarerte bilen, og det blei kø på staden. Bilførar var vekke då politiet kom fram, men bergingsbil blei rekvirert for eigar si rekning.

I 07.30-tida blei ein hjort påkøyrd på Hetleflåten. Den skal ha lagt i bakken, men reiste seg og gjekk frå staden. Viltkontakt er sett på sporet av hjorten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.