Lokal | 01. feb. 2021

Tjuveri, venstresving og sladding

Ei kvinne fekk forelegg, to menn er meldt.

Tjuveri, venstresving og sladding
Ei kvinne som tok ein venstresving her, må ut med nesten 6000 kroner. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. feb. 2021 10:41

Ein gjeng ungdomar fekk laurdag kveld tilsnakk grunna brot på smittevernanbefalingane, då dei var samla over 20 deltakarar på ein privat fest.

Fleire av dei er under 18 år.

– Desse er i 16-17-årsalderen, og alle foreldra er kontakta, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Kostbar snarveg

Fredag kveld blei ei kvinne i midten av 40-åra observert då ho svingte til venstre ut Brugata.

Der har det i nokre år vore påbode å svinga til høgre, så ho fekk eit forelegg på 5.850 kroner.

To tatt for sladding

Søndag kom det 30-40 centimeter med snø, noko som skapte fleire problem i trafikken, og truleg nokre ufrivillige tilfelle av sladding med bil.

Laurdag kveld var det òg vinterføre i bygda, men då politiet observerte to bilførarar som leikte seg på glatten, blei desse to meldt.

Det skjedde på eller nær Ulvenvegen, og begge er i 20-åra.

Mann mistenkt for butikktjuveri

Laurdag ettermiddag blei politiet kontakta av tilsette ved Kiwi Haugsneset.

– Ein mann i 40-åra hadde stole noko, og var utagerande i butikken. Han gjekk frå staden, men vi kjenner identiteten hans, seier Birkeland.

Politiet ventar at butikkpersonalet i dag skal melda forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.