Sport | 25. okt. 2012

Tjuvstarta i Vikedal

Karoline Breivik var litt for rask på avtrekkaren då ho i helga avslutta sesongen i Vikedal.

Tjuvstarta i Vikedal
Karoline i farten. (Privat arkivbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2012 15:31

I helga var bilcrosskjørar Karoline Breivik i Vikedal for å kjøra sitt siste løp for sesongen.

– Ho hadde to tjuvstartar på rad i første heat, den eine var nok litt strengt dømt, men det blei likevel sisteplass i dette heatet, fortel bestefar og støtteapparat Håvard Gåssand.

I begge dei to neste heata blei det 4. plass blant dei 6 i hennar avdeling, dermed landa ho på 20. plass og fekk ikkje kjøra finale.

– Vikedal blei ikkje fullt så bra som venta, men sesongen sett under eitt har vore veldig god og framgangen hennar har vore heilt strålande, synes Gåssand.

Karoline byrja å kjøra i fjor haust og har i løpet av 2012 både tatt sin første heat-siger, sin første finaleplass og vore éin plass frå A-finale då ho tidlegare i oktober leverte årsbeste på Eikås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.