Kultur | 11. mars 2011

Tjuvstartar festivalen

Slepp første band: Dagen før festivalstart, torsdag 23. juni, inviterer Osøren i samarbeid med Oseana til storkonsert i ny storstove.

Tjuvstartar festivalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2011 20:16

Heile Osøren Blues & Jazzfestival, med unntak av cruisa, skal i år gå i Oseana. Kunst- og kultursenteret, som er under bygging, skal opna 17. juni i år.

- Du kan kanskje kalla det galskap, å planlegga ein heil festival i eit bygg som ikkje er ferdig. Men vi ser veldig fram til å vrimla frå konsert til konsert i tre salar i det nye kulturhuset, og byggearbeidet ser jo ut til å vera i rute, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Vorspiel med Vamp

Festivalen startar fredag 24. juni, men allereie dagen før skal første band på scenen:

- I samarbeid med Oseana har vi invitert Vamp til å tjuvstarta festen, røper Nagell Dahl.

Vamp har spelt under festivalen før, sist i 2009. Då gjekk dei første 500 billettane raskt ut dørene.

Haugesundsbandet har vunne Spellemannsprisen fem gongar og var seinast i år nominert til prisen i kategorien «viser» for albumet «I full symfoni II - Med Kringkastingsorkesteret».

Alt i ett hus - og jam på terrassen

Med unntak av dei populære cruisa går alle konsertane i årets Osøren-program i Oseana.

- Det gjer at vi i år, for første gong, kjem til å selja festivalpass i staden for billettar til kvar scene. Dei som har pass kan vandra fritt mellom dei tre konsertsalane og få med seg mange band på same kveld.

Oseana får ein stor terrasse utanfor inngangspartiet. Der blir det rigga scene og gjort klar for jam på dagtid, frå klokka 12 laurdag formiddag under festivalen.

- Dei siste åra har det blitt stadig større aktivitet på dagtid, og jam-en er veldig populær. Å få med seg konsert på terrasse på Mobergsneset tar oss tilbake gode minne frå gamlekafeen i Vikjo, men inntrykket i solveggen til det nye kulturhuset blir nok opplevinga endå større og betre, trur Gunnar Nagell Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.