Den fyste kom det ei melding på i 22-tida. Vedkommande fann seg i Mobergsbakkane og var såpass rusa at politiet fann ut at dei måtte plukke opp personen og køyre denne heim.
Den andre meldinga kom frå ein brøytebilsjåfør kl 05.30 som melde om ein person som var fare for seg sjølv og trafikken. Politiet rykkja ut og fekk denne heim også.
- Vi ber folk om å ordne seg skyss heim på anna måte enn å gå når dei er så rusa som desse to, seier lensmann Rasmus Dalen. Vi har korkje tid eller ressursar til å frakta folk heim. Det er det andre som kan gjera like bra, avsluttar lensmannen.