Tøff kamp om NM-avansement
Nore Neset/Os flytta inn på Arna-Bjørnar sin banehalvdel, men klarte ikkje å utlikna.
Bildeserie:
I fjor tok dei seg til finalen i Norway Cup og slo vinnaren av Adidas Cup (uoffisielt NM) i KM-finalen (sjå video).
Søndag spelte Nore Neset/Os J16 sin tredje av fire lokale kvalifiseringskampar til NM. Frå før har dei slått Loddefjord 9-1 og Åsane 2-1.
– Vi møtte Arna-Bjørnar to gongar i fjor. Vi tapte det eine og spelte uavgjort i den andre kampen, fortel hovudtrenar Ørjan Sandal.
Med siger i går ville det blitt minst to kampar til i NM. Neste runde er Hordalands-finale. Vinnarane i Hordaland og Rogaland går vidare, mens fylkesfinale-taparane i dei to fylka møter kvarandre i kamp om den siste av tre plassar frå Hordaland og Rogaland.
Men Nore Neset hamna under og klarte aldri å redusera eller utlikna.
Nore Neset - Arna-Bjørnar 0-2 (0-2)
Nore Neset: Anne Noss Nordvik, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Zhen Foldrup, Thale Strønen Skeie, Malin Solstrand Ludvigsen, Selma Hansen Folgerø, Kine Ullensvang Moland, Ingeborg Hernes Leonsen, Martine Nagelsen-Balland, Nora Kvinge Austevoll, Andrine Brunvatne Kvittingen, Astrid Mathilde Mjånes, Hedda Stamnes Lindbom, Karoline Louise Hevrøy og Anna Rød.
Kampen, som blei flytta til Nore Neset grunna snø på Garnes fredag, blei jamn og tøff. Gjestane skåra på to overgangar før pause, Nore Neset hadde mykje av spelet, men klarte ikkje å skåra på sjansane sine.
Arna-Bjørnar sto stødig i forsvar også gjennom heile andre omgang, og var skumle dei få gangane dei var over midtbanen.
– Eg veit ikkje om dei la seg lågt med vilje, eller om vi klarte å spela dei lågt, men det var vanskeleg å bryta gjennom forsvaret deira. Vi møtte god motstand, og klarte ikkje å prestera heilt på topp sjølv, oppsummerer Sandal.
Nore Neset var ikkje berre sterke i duellane, dei hadde ballen mykje, og prøvde seg på både innlegg og gjennomspel frå sentrallinja. Dei skapte 2-3 cornerar, men der hadde Arna-Bjørnar sin keeper kontroll, og dei kom til 3-4 skot, men då blei avsluttingane for svake.
Serie og Adidas Cup neste
Nore Neset/Os har ein samla flokk på 45 jenter. Til serien har dei meldt på to J17-lag og eitt J15-lag.
I gårsdagens tropp til NM var det fire jenter fødd i 2004 saman med 2003-årgangen.
– Serien startar over påske. Vi skal òg vera med i Adidas Cup, der innleiande rundar skal vera ferdigspelte ved utgangen av mai, om ikkje eg tar feil, fortel Sandal.
I Adidas Cup skal Nore Neset/Os spela mot Gneist, Sotra og Fana. Gneist tapte 0-1 for Arna-Bjørnar i førre NM-runde, Sotra tapte 0-13 for Stord. Fana rauk ut med 0-6-tap for Bremnes.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.