Sport | 28. sep. 2011

Tøff trening i Kina

Til veka reiser han til karate-VM i Malaysia. Førebuingane tok han på eit universitet som tok 13 OL-gull i Beijing.

Tøff trening i Kina
Andris Hamreonsdag 28. sep. 2011 08:11

For halvanna veke sidan vann Åsmund Slettevold to gull i eit stort karatestemne i Berlin. Stemnet var det siste før det unge karatetalentet reiser til VM i Malaysia om ei dryg veke.

- Eg tørr ikkje sette forventningane for høgt, sidan eg kan vera uheldig å møte ein knallgod ein i første runde, men eit mål om medalje har eg jo, fortel Åsmund Slettevold då Midtsiden.no møter han i kantina på Os gymnas.

Ungutten starta den vidaregåande utdanning si på idrettslina på Stend, men såg ganske fort at mykje verdifull treningtid forsvann på bussen mellom Os og skulen i Fana.

Opp mot 20 timar i veka

Det skal mykje trening til for å bli god. Som landslagsutøvar er Åsmund underlagt eit strengt treningsregime og må føre treningsdagbok kvar dag med kva han har trent, kor mykje, med kven, kva han har ete og kom mykje han har sove det siste døgnet.

- Eg ligg på 12 til 20 timer per veke. Kravet frå landslaget er minimum 12 timar, men det blir ofte meir, smiler unggutten beskjedent.

Oftast blir det ei organisert trening, gjerne då med storebror Erlend Slettevold som sparringspartnar og ei eigentrening i form av ein løpetur eller styrkeøkt i løpet av dagen.

Tok 13 OL-gull

I sommar la karatetalentet ei treningsperiode til Bejing Sports University i Kina. Universitetet er eit av dei fremste i landet og satsar knallhard på idrett.

- Dei ser til den olympiske komiteen i høve til kva idrettar som får vera med i OL og plukker ut ein 2-300 utøvarar som trenar knallhardt for å ta OL-gull i dei grenane universitetet har bestemt.

- Under OL i Bejing tok utøvarar frå dette universitetet 13 gull, fortel Åsmund.

Berre skulegarden på universitetet er større enn heile Os sentrum og har anlegg for ein heil haug av idrettar.

Fekk stipend

Det var kampsportforbundet som organiserte treningsturen til Kina. Åsmund var ein av fire juniorar på landslaget som fekk tilbod om å vera med, men den einaste som takka ja.

- Turen kosta 14.000 kroner, men takket stipendet frå forbundet og stipendet på 5000 kroner eg fekk frå Partas her på Os kom eg billig frå det, fortel gymnasiasten.

Totalt reiste det 11 utøvarar frå karate og taekwondo saman med trenarar til Kina.

Knallhard disiplin

Møtet med den kinesiske treningsdisiplinen blei ein sjokkarta oppleving for dei norske utøvarane. Kvar dag hadde dei ei økt med kineserane og ei basisøkt med sine eigne trenarar.

- Vi visste jo at dei hadde ein anna disiplin enn det vi er vant til, men trenarar som sparka og slo utøverane sine og skjelte dei ut etter noter var meir enn eg hadde venta.

- Mot oss oppførte dei seg mykje finare, presiserer han.

Litt uvant var det òg å motta rettleiing og instruksjonar via ein tolk.

- Det var dårleg med engelsk-kunnskapar hos mange av dei.

Moderne trening

Det kinesiske universitetet stilte med det siste av det siste både på treningsformar og utstyr.

- Trenaren vår blei litt overraska over kor moderne dei trena.

- Kineserane har vore kjende for å vera litt «gamaldagse» med disiplin og innsats som hovedingrediensar, men no følgjer dei same prinsipp som vi gjer her heime i høve til korleis trena.

- I tillegg hadde dei topp moderne utstyr, fotel Slettevold.

Betra teknikken

Fleire av øvingane blei filma med eit høghastigheitskamera som, når filmen blei spelt i sakte film, avslørte feil eller manglar i teknikane.

- Spesialiteten min er at eg er veldig hurtig samenligna med mange av konkurrentane mine. Problemet har vore at eg nesten har blitt for hurtig og ikkje har hatt styrke til å stoppe slaga.

- Etter at eg var i Kina og fekk sjå høghastigheitsopptaka har eg klart å justera teknikken slik at den no er lengre og betre, forklarar karate-talentet.

Knuste TV - blei nekta trening

Dei norske utøverane budde på campus i eit bygg for internasjonale studentar. Ein ettermiddag spelte dei fotball på skuleplassen og var uheldige med å knuse ein 100 tommars TV som hang ved banen.

- Det hadde visst skjedd med dei kinesiske studentane tidligare, men då skuleleiinga fekk høyre at vi hadde knust TVen nekta dei oss å nytte treningsanlegget.

- Det var ikkje dei kinesiske trenarane samde i, så dei lot oss bli med på treningane som normalt også dei siste dagane. Den vetle vakta som skuleleiinga hadde satt ut for å stoppe oss var det ingen som brydde seg om.

Åt skorpion

Maten var ei utfordring for dei norske utøverane. Universitetet serverte klassisk kinesisk mat til frukost, lunsj, middag og kvelds.

- Det fall ikkje heilt i smak, så vi endte med å kjøpa brød og pizza for å få i oss noko.

- Det var ikkje det optimale i matvegen og det gjekk litt utover treningane, men trenarane våre tykte det var betre enn at vi ikkje fekk i oss noko.

Sjølv om det var mykje trening fekk Åsmund og dei andre seg turar utanfor skulen også.

- Mellom anna var vi på ein marknad kor dei selte alt mogleg. Ein stad selte dei skorpion, slange og saue-penissom mat.

- Eg smakte på skorpionen og det var faktisk ganske godt, minna litt om pringles i smaken, fortel Åsmund.

- Kva med Malaysia då, korleis gjer du det med maten der?

- Etter å ha vore i Kina kjem eg nok til å ta med meg norsk mat dit, slik at eg veit at eg får i meg det eg treng før meisterskapen.

- Ellers så skal vi jo bu på eit internasjonalt hotell, så eg reknar med at hotellkjøkenet lagar noko også for dei nordiske ganane.

Åsmund Slettevold går i -76 kg som er klassa for utøvarar mellom 68 og 76 kg.

- Eg har ei matchvekt på 69 og har vurdert å slanka meg ned ei klasse, men trur eg har fordel av å vera liten og kjapp så eg har bestemt meg for å droppa det, avsluttar Slettevold i det han går tilbake til klasserommet og ein ny time på Os Gymnas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.