Næringsliv | 20. mars 2015

Tøffar seg på Lillestrøm

«Sjøen for alle» er i gang og Askeladden stiller med sju båtar. Tre av dei er heilt nye, éin er rigga for trolling-fiske (!).

Tøffar seg på Lillestrøm
Jonathan Dyrstad og Henrik Askvik stiller ut med sju båtar på Lillestrøm.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mars 2015 10:24

Bildeserie:

Nye P66 Sport er blant dei tre nye båtane frå Askeladden.
Nye P66 Sport er blant dei tre nye båtane frå Askeladden.
Dei to nye C61-båtane er også utstilt.
Dei to nye C61-båtane er også utstilt.
Ein Askeladden C75 rigga for trolling-fiske.
Ein Askeladden C75 rigga for trolling-fiske.
Eigar Tore Karlsen stiller sjølv ut med den skreddarsydde Askeladden.
Eigar Tore Karlsen stiller sjølv ut med den skreddarsydde Askeladden.
Askeladden sin stand. Helga 9. - 12. april er det båtmesse i Bergen.
Askeladden sin stand. Helga 9. - 12. april er det båtmesse i Bergen.
1 av 5
Nye P66 Sport er blant dei tre nye båtane frå Askeladden.
Dei to nye C61-båtane er også utstilt.
Ein Askeladden C75 rigga for trolling-fiske.
Eigar Tore Karlsen stiller sjølv ut med den skreddarsydde Askeladden.
Askeladden sin stand. Helga 9. - 12. april er det båtmesse i Bergen.

Onsdag opna båtmessa «Sjøen For Alle» på Lillestrøm.

– Det er godt å vera tilbake på Norges Varemesse, her har vi mange gode minne frå då båtbransjen var på topp åra før 2008, seier Jonathan Dyrstad frå Askeladden Boats AS.

Messa har nesten tre gongar så mange utstillarar som i 2014, i kvadratmeter har messa auka frå 6.500 til 14.500.

– Arrangørane har rigga det flott til og på VIP-kveld før messa opna for publikum var det heile 2.707 påmeldte gjestar og eit flott show med musikk og oppvising med vassjet i basseng inne på messa.

Fleire nye båtar frå Askeladden

Fabrikken Askeladden Boats stiller saman med Erling Sande og fleire Askeladden-forhandlarar frå Austlandet, der desse deler kundane mellom seg ut frå geografi. Kjem det Vestlendingar på besøk på standen så kan dei bli Dyrstad og Båtens Beste-butkken i Askvik sine kundar.

– Vi selte éin kvar av dei heilt nye C61-båtane før vi reiste austover og det har vore veldig god respons på dei nye båtane her borte òg.

Askeladden stiller ut dei tre nye båtane Askeladden C61 Center Console, C61 Bow Riderog P66 Sport. Dei har også med seg dei to ulike C75-båtane som var nye i fjor.

– Den sjette vi har med er populære P66 Weekender. Og så har vi utstilt ein meir spesiell båt, ein C75 rigga for trolling-fiske. Vi har ein kunde som spurde om vi kunne bygga båten for denne typen fiske, og han har den med seg og stiller ut i foajeen.

Les om trolling-fiske på hooked.no.

Messe i Bergen i april

Sjøen for Alle har siste opningsdag søndag 22. mars.

Båtmessa i Bergen, Dra til Sjøs, kjem helga etter påske, torsdag til søndag 9. til 12. april, med telt og båtar i brygge ved VilVite.

– Då vi tidlegare år hadde messa i Bergen i Arenum i februar, fekk vi ein tidleg start på sesongen. No er sesongen i gang og det kan vera avgjerande å bestemma seg fort om du vil ha båt før sommaren.

– Volumet i båtmarknaden er noko mindre enn før, og dei som kjem søndagen for å bestemma seg må kanskje venta til 2016 med å få båten levert. Vi har hatt ein god start på 2015 og har framleis båtar igjen, men mykje kan skje i løpet av dei neste dagane og messehelga i april, seier Jonathan, klar for ei travel messehelg på Lillestrøm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.