Handballstjerne - og mentor Harald Reinkind vitja Os i romjula. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Fekk ei treningsøkt med Harald Reinkind

Mathias Aadland frå Os er maskot for herrelandslaget i handball - i romjula fekk han og laget sitt sjefen på besøk.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Minihåndballgutta er eit samarbeid mellom Gjensidige og Norges Hånballforbund. 16 gutar frå 16 ulike stadar i Noreg får vera maskotar for herrelandslaget gjennom eit heilt år. 

Gjensidige fekk i år inn 750 søknadar - Mathias vart ein av dei 16 utvalde. Allereie har han vore med på landslagsuttak, spelarsamling og landskamp.

Les òg: – Er det du som speler på Os?

I romjula var det tid for kanskje det tøffaste av alt; Mathias sin mentor, Harald Reinkind skulle koma til Os for å trena Mathias og laget hans.

Det var mykje folk og mange mobiltelefonar som tok bilete under treninga i den nye hallen på Kuventræ førre veke. At besøket var av typen storfint, var det inga tvil om. Dette ville nok ha gjort dei fleste av oss litt nervøse. Men ute på banen var det lite som tyda på at gutane hadde eit idol på besøk.

Tre journalistar - som sikkert gjekk mykje i vegen (artikkelforfattaren fekk ein ball rett i knollen), eldre handballjenter og ein armada av dårleg skjulte stolte foreldre ringside hadde ingenting å seia for fokuset til spelarane.

– Gutar har heltar

– Han er nok ekstra fokusert og skjerpa, no som Harald er på besøk, seier mor til Mathias, Kristin Johnsen Aadland. 

– Alle gutane på dette laget speler òg fotball saman, og i fotball er det mange forbilde dei kan strekka seg etter. Dei fleste gutar på den alderen har plakatar heime på soverommet - av fotballheltar. Difor tykkjer eg det Gjensidige og Norges Håndballforbund gjer her er utruleg viktig, og ikkje minst kjekt. 

Aadland fortel vidare at det er litt ekstra stas i heimen når Reinkind dukkar opp på tv-apparatet med jamne mellomrom. 

Sjølve treningsøkta til Reinkind varte i nærare halvannan time. Mathias og resten av Gutar 10-laget til Os Turn fekk prøva - og leika seg ghennom ei rekkje øvingar saman med handballstjerna. Ein imponerande Reinkind synte tolmod og pedagogiske skills framfor ein lydhøyr og motivert venegjeng. 

Kjetil Lund, ein av gutelaget sine to trenarar, kunne observera det heile frå sidelinja. 

– Reinkind trener mykje det same med gutane som vi gjer, men dei er tydeleg ekstra fokusert og tende i dag. Det er stas for gutane å ha ein som Reinkind på besøk. For oss som driv med dette, og som kvar dag jobbar for at borna skal ha noko å gjera på på fritida, er dette ei god vitamininnsprøyting. Ekstra viktig er det at gutane òg kan veta at dei kan ha forbilde innan handballen. 

Skaper glede og gode haldningar

Harald Reinkind fortel sjølv at det er viktig for gutane å ha mål å strekkja seg etter. 

– Minihåndballgutta-prosjektet, og slike besøk som dette er med å tryggar framtida til norsk herrehandball. Då eg var yngre, hadde eg til dømes Kim Andersson som forbilde. På den tida spelte han for THW Kiel. No speler eg sjølv for same laget. Dette fortel noko om å ha trua og at med trening kan du oppnå det meste. 

– Kva er dei tre beste råda du kan gje til desse gutane, og til andre gutar i same alderen som driv med handball?

– Ha det gøy, tren masse - det vert du god av, og viktigast av alt; gje alt!

Straffekonk med krav om linjedommar

Treninga vart avslutta med straffekonk. Her skulle alle få skyta til det stod éin vinnar att. Bomma du, rauk du ut. Premien var ei landslagdrakt, brukt av Reinkind.

Stjerna sjølv fungerte som både motivator og ikkje minst diplomatisk dommar då det oppstod uvisse om ein ball var inne eller ei. Det vart rope krav om at denne straffekonken no måtte ha linjedommar på plass, og Reinkind reid av 11 gutar som - i munnen på kvarandre - alle skulle seia si meining om saka. Sjølvsagt samstundes.

Då den heldige vinnaren var kåra, var det tid for lagbilde, autografar og pizza saman med Reinkind - utan pressa tilstades. 

Laget som fekk Harald Reinkind på besøk består av:

Mathias Aadland

Kristian Hjartholm Foer

Henrik Helland

Tormod Igland Lund

Håvard Stangeland Lunde

Lars-Henrik Rådmannsøy Lunde

Ole Nedrelid Øvredal

Sondre Øvrebotten Magnussen

William Reiertsen

Nikolai Skaatun

Jakob Nøss Solskjær

Haakon Groth-Bugge

Arn Viljo Wikest

Fleire saker