To tøffe i vente

Os sin neste bortekamp er mot serieleiar Hovding, neste heimekamp er mot Lyngbø i kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Hovding er einaste lag med fleire poeng enn Os. To sigrar og éin uavgjot og målforskjell på 7-2 er deira statistikk etter tre serierundar. Os spelar borte mot Hovding fredag 15. mai.

Men først står Lyngbø for tur. Lyngbø har som Os 6 poeng, men ligg over på tabellen med sine 9-5 i målforskjell. Os har 5-4.

- Lyngbø har eit ungt og friskt lag som spelar med ein voldsom glød. Individuelt er vi nok betre enn dei, men vi er nødt til å visa vilje for å slå dei i kveld, trur Frank Hellevik.

Lyngbø har slått Djerv, tapt for Trio og tatt ein imponerande 3-1-siger over Voss i sine første kampar denne sesongen. Os har vunne begge bortekampane, men tapte for eit godt Løv-Ham 2 heime. No er dei svoltne på tre poeng på eige gras.

SJÅ TABELL

Nye får tillit
- I laguttaket til kveldens kamp har vi gjeve tillit til spelarar som har vist gode prestasjonar for Os 2. Og så har vi sett litt på kven vi meiner passar til motstandaren, seier Hellevik.

Christer Olsen, som avgjorde førre kamp for A-laget og skåra for Os 2 måndag, spelar på topp frå start. Erik Kanestrøm er nyleg tatt opp i A-stallen, og kan kanskje få sin debut i dag.

- Tim har prestert godt i heile vinter, men har ikkje vore heilt i form den siste tida. Men han er med oss på benken, saman med fleire andre sterke spelarar, seier Hellevik, og ramsar opp innbytarane; Tim Henrik Sperrevik, Tore Valvik, Kjetil Hansen, Tony Skarvatun, Christian Almeland, Vegard Borgen og ny i A-stallen, Erik Kanestrøm.

Desse spelar frå start (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Andreas Bjørnen og Christer Olsen.

Kampen startar klokka 19.00

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11