Tøffe tester til svart belte
Tuva Marie Hovland, Victoria Samuelsen og Marcus Fonn Fjæreide måtte gjennom tøffe testar for å gradera seg til svart belte i Taekwon-do.
Tre av utøvarane i Os Taekwon-do klubb tok eit nytt steg på gradstigen då dei i helga gjekk til svart belte.
– Marcus graderte seg på fredag i lag med 13 andre juniorar i alderen 12-15 år.
– Det var ein veldig krevande test som varte i over to timer kor Marcus og dei andre blei køyrd heilt i kjellaren, fortel Jan Rune Sund, leiar i klubben.
Knuste planker
Laurdag graderte Tuva Marie Hovland og Victoria Samuelsen seg på den regionale seniorgraderinga.
– Dei graderte seg i lag med 9 andre svartbeltekandidatar i alderen 17 til 59 år.
– Den største forskjellen mellom junior og senior-graderinga er at seniorane skal knusa planker på graderinga, noko juniorane slepp.
– Elles består testane av mønster, spark, arrangert sparring, sjølvforsvar, kamp og teori.
– I tillegg blir kandidatane køyrd hardt fysisk for å testa formen, men òg uthaldenheit, innsats og evnen til å ikkje gje opp sjølv om ein er utslitt.
– Alle dei tre utøverane våre gjennomførte strålande tester og besto med glans til det svarte belte, skryt Sund.