Tok 10 medaljar
Os Karateklubb var på pallen i dei fleste klassane i vestlandsmeisterskapen i helga.
5 gull, 2 sølv, 3 bronse og 4 fjerdeplassar blei resultatet etter at Os Karateklubb stilte med unge debutantar og rutinerte seniorutøvarar i vestlandsmeisterskapen i Laksevåghallen.
Vestlandsmeistrar: Armin Palislamovic, Aner Palislamovic, Vegard Gjøsund, Elena Andrés, og Henrik Reed-Larsen vann sine klassar.
Fleire deltakarar var med i både kata og kamp, Armin Palislamovic tok medaljar i begge delar, Armin tok gull i kamp og bronse i kata.
Sånn gjekk det med kvar enkelt:
Tiril Skønberg Haaland nådde ikkje opp i kata, men tok sølv i kamp etter 8-0-siger i første kamp, 3-0 i neste og 12-9-tap i ein jamn finale.
Kristian Blomberg debuterte i ungdom 12-13 år. Han vann første kata-duell, men tapte dei to neste. I kamp blei det fleire fine rundar, den beste med 8-4-siger, men tap i bronsefinalen første til fjerdeplass.
Mathias Sørensen gjekk ikkje langt i kata, men vann to av dei tre første kampane og tok ein flott 10-1-siger i finalen.
Armin Palislamovic vann første kata-duell, tapte dei to neste, men kom til bronsefinalen der han vann igjen. I kamp blei det gull etter 9-0, 10-1 og siger i finalen, der motstanderen var for skadd til å stilla.
Aner Palislamovic fekk ikkje medalje i kata, men vann begge dei to første rundane i kamp og avslutta med 9-6-siger i finalen.
Amanda Njøten tapte første kata-duell, men vann dei to neste og fekk bronse. I kamp vann ho første, men enda med 4. plass etter 2-3-tap i bronsefinalen.
Vegard Gjøsund stilte kun i kamp, der det berre var to deltakarar i hans klasse. Finalen vann han 9-6.
Elena Andrés stilte i tilsvarande liten klasse og vann finalen 7-5.
Henrik Reed-Larsen vann to kampar greit før han slo Martin Sæterhaug 6-2 i finalen.
Trond Blomberg vann første kata-duell, men tapte i finalen og fekk sølv. I kamp blei det 4. plass etter 9-10-tap i bronsefinalen i den same klassen som Reed-Larsen vann.