Tok 14 medaljar i generalprøven til NM
Neste helg er det NM: Carmen Bruarøy vann gull og alle søsknene Askvik Midtbø vann medalje i kamp under Vestlandscupen.
Bildeserie:
Os Karateklubb opplevde litt av eit medaljedryss då dei deltok i Vestlandscupen, som denne gong var arrangert på Karmøy.
Denne helga er karateklubbane i organisasjonen samla til treningsleir på Voss, neste helg er det NM med Os som arrangør i Haukelandshallen.
- Dette stemnet var ein god generalprøve før NM. Ungdomane viste god teknikk og gode kampar, og vi veit kva vi skal justera på og trena på før NM, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.
Carmen Bruarøy har hatt medalje i alle stemne det siste halvåret, men gullmedaljen har mangla. No vart det endeleg gull i ein stor og tøff klasse. I tillegg til gull i kata vann ho bronse i kamp.
Dobbeltgull til Lysefjorden
Benjamin Askvik Midtbø vann igjen klasse gutar 14-15 år og Mariell Askvik Midtbø vann nok ein gong jenter klasse 11 år. Storesøster Malene Askvik Midtbø vann bronse i klasse 16-17 år.
Benjamin sigra i finalen over klubbkamerat Sondre Kvamsdal etter ein jamn kamp mellom dei to. Sondre vann også bronse i kata.
Hagen Røttingen imponerte
- Ein av dei som imponerte meg mest var Tobias Hagen Røttingen i juniorklassen. Tobias vann semifinalen suverent og var favoritt til å vinna finalen. Det blei sølv til slutt etter svært gode kampar, fortel trenaren.
Tuva Baggen vann medalje i både kamp og kata etter sterke prestasjoner, mens brørne Armin Palislamovic og Aner Palislamovic vann sølv og bronse i seniorklassen etter nokre svært gode kampar.
Unge talent
Eivind Vevatne og søstera Linn Kristin Vevatne har trent karate sidan dei var 4 år. Dei fighta igjen svært godt, med 8-0-sigrar på det meste i sine klassar.
Aurora Bakketeig, Helena Bakke og Natalie Lernes Andreassen er nye talent i 12-13 årsklassen som viste stor framgang på Bømlo.
Os stilte òg med dommarar; Vidar Mjånes var hovuddommar på stemnet og Tor-André Aspenes var mattesjef.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.