Sport | 16. okt. 2017

Tok 750 kilo fisk i Osvassdraget

Aure, laks og pukkellaks: Her er sesongens fangsrapport.

Tok 750 kilo fisk i Osvassdraget
Paul Lekven og Leif Juvik i sone 2 opningsnatta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. okt. 2017 12:56

Etter ein noko tam start på opningsnatta beit både første laks, første Oskar (første laks tatt av medlem i Os JFL) og fisk over 10 kilo på kroken i løpet av sesongstarten 15. juni.

• Sesongens første laks blei tatt på Søfteland av Lars Olve Haukeland.
• Årets Oskar blei tatt av Tore E. Moberg, som fekk ein laks på 8 kilo.
• Stig Sivertsen sin laks på 13,2 kilo blei årets største fangst.

– Takk til alle som leverer fangsrapport gjennom heile sesongen! Dette er svært viktig for rett forvaltning av vassdraget, skriv formann i forvaltningslaget for Osvassdraget, Roald Berge Helle i si oppsummering av sesongen.

667 kilo med laks

I årets sesong, som varte til 15. september, blei det tatt 667 kg laks, 76,5 kg sjøaure, 10,74 kg pukkellaks og éin regnbogeaure.

– Sjøaure, som er freda, er bortimot utan unntak sett ut igjen, fortel Helle.

– Sjølv om sjøaurefangsten er låg har det vore tatt ein del fin fisk, noko som kan tyda på at fredninga har effekt.

Resten av fangsten fordeler seg sånn:

• Det er avliva 72 tert (laks under 3 kilo) på til saman 131,3 kg
• 78 mellomlaks på 323,2 kg
• 14 storlaks på 121,5 kg.

I alt: 186 laks med snittvekt på 3,58 kg og 78 sjøaureø med snittvekt på 0,98 kg.

– Av denne fangsten utgjer oppdrett, etter fiskaran si vurdering, cirka 100 kg. Eneleg avklaring for vi når det kjem svar frå skjelprøvar som er sendte inn.

Det er sett ut 9 tert på til saman 14 kg, 10 mellomlaks på 44,6 kg og 3 storlaks på 32,4 kg.

9 pukkellaks

I ein periode i sommar blei det tatt ein del pukkellaks i Oselvo. denne er ikkje ønska i vassdraget.

– Det er tatt 9 pukkellaks med totalvekt 10,74 kg, står det i rapporten.

– Pukkellaksen, som har vore talrik i mange elver denne sommaren, ser ut til å stoppa i nedste del av elva. Om denne arten har etablert seg i elva veit vi ikkje. Pukkellaksen har ein toårig syklus, så eit eventuelt avkom vil koma tilbake til Oselvo i 2019.

Nok gytefisk

Sesongen skal ha vore prega av god vassføring, der det gjekk opp mykje fisk før sesongen opna, og med meir jamn oppgang gjennom sesongen.

Samla sett er fangsten noko lågare enn dei to siste åra.

– Fangsten indikerer likevel ein bestand med tilstrekkeleggytefisk til å oppnå måla med gytebestanden for elva, skriv Helle i rapporten.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.