Kultur | 09. mars 2018

Tok Bergen med storm

Thomas Helgesen overbeviste på Lille Ole Bull. Folk lo så dei grein.

Tok Bergen med storm
Thomas Helgesen serverte gullkorn på rekkje og rad på Lille Ole Bull (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. mars 2018 10:12

Torsdag kveld hadde Thomas Helgesen premiere på «To meter tulling» på Lille Ole Bull-scene i Bergen. Standuparen som gjorde stor suksess med to utselde show i Oseana hadde kutta ned litt på showet og stramma det opp.

Det var særs vellykka grep. Spesielt god er Helgesen når han snakkar om seg sjølv og sine eigne opplevingar.

– Ikkje visste eg kven denne fyren var, men fy f... dette var gøy, var det ei av bergensfruene som kommenterte på veg ut av salen.

Lo så dei grein

Vel 150 billettar var seld på førehand og overraskande mange av dei til ikkje-osingar. I tillegg blei det nok seld nokre billettar i døra, så premiereshowet var praktisk talt fullt.

Og folk koste seg. Etter ein litt avventande start, kor folk ville sjå han litt an, blei det berre meir og meir engasjement, latter og tårer. Det var tydeleg at mange kjente seg att når Thomas beskreiv livet som småbarnspappa, om det å få seg noko hos dama og som ungdom på sokkadans på 80-talet og den første klininga. Då trilla lattertårene, spesielt hos damene i 40-åra.

– Eg opplevde at mange måtte bli litt kjent med meg. Eg tykkjer vi fekk ein fin signing utover i showet, oppsummerte ein febersjuk Helgesen etterpå.

Surrealistisk oppleving

Han innrømmer glatt at han var spent i forkant, spesielt med tanke på den litt slitsomme oppladninga med sjukdom i kroppen.

– No er eg berre letta, men og uroa for at det kjem to nye show fredag og laurdag. Eg må nok berre heim og finne dyna. Akkurat no er eg berre tom.

– Men korleis var opplevinga? Det å ta showet ut av trygge Os og til byen?

– Det var litt surrealistisk. Eg var spent på om bergenserane ville ta historia om Hamnesjefen, men folk blei med. Showet er jo litt tilpassa, og det såg ut til å fungera, seier Helgesen.

Nytt materialet

Om du såg showet i Oseana og lurer på om du skal ta deg bryet å ta turen til byen, så er det ingen grunn til å lura lengre. Lille Ole Bull er ei intim scene, kor dei på framste rad sit berre centimeter frå scenekanten. Det gjer òg at du får med deg mimikken til Helgesen i større grad enn ein gjorde i Oseana.

Helgesen leverer også i byen. Med seg har han også fleire nye poeng og eit par nye historiar, men du bør vera rask. Dei to neste showa er utseldt, men fortvil ikkje, palmehelga er det tre nye show. Det vil overraska oss om det blir det siste vi ser til Thomas Helgesen.

Terningkast? Definitivt en klar femmer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.