Lokal | 27. jan. 2020

Tok beslag i narkotika og slagvåpen

Politiet var på ransaking i helga.

Tok beslag i narkotika og slagvåpen
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. jan. 2020 09:04

Politiet var laurdag kveld på ransaking etter at dei hadde fått inn eit tips.

I husværet fann dei fleire våpen.

– Det blei tatt beslag i to spretterter og to slagvåpen, der eitt av dei var heimelaga, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei òg tatt beslag i tre ulike typar narkotika, amfetamin, tablettar og marihuana. Det er oppretta sak mot han som bur i husværet, ein mann i slutten av 20-åra.

Tatt med narkotika i sentrum

Klokka 01.53 natt til laurdag blei ein mann i starten på 20-åra kontrollert av politiet.

Han erkjente å ha ein narkotisk tablett på seg, ein rivotril, og det er oppretta sak.

Mannen fekk òg pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum og å halda seg vekke til klokka 8 laurdag morgon.

Tre ungdomar tatt for drikking i sentrum

Fredag kveld møtte politiet tre ungdomar på bussterminalen, to jenter og ein gut, jentene i ungdomsskulealder, guten i tidleg vgs-alder.

– Dei sat med opne boksar med alkohol, og fekk beskjed om å tøma dette ut.

– Foreldra blei kontakta, og vi kjem til å ha oppfølgande samtalar med ungdomen.

Klokka 00.23 fekk politiet melding om ein ungdom som gjekk i vegen og veiva, men då patruljen kom til staden var vedkomande vekke.

Kystbussen køyrde på hjort

Fredag klokka 20.50 køyrde Kystbussen på ein hjort ved Tøsdalsskiftet/rundkøyringa ved Meny.

– Hjorten sprang frå staden og viltkontakt blei varsla. Så vidt eg kjenner til kom Kystbussen seg vidare, seier Lyssand.

Søndag i 13-tida hadde politiet promillekontroll i Lysefjorden. 25 bilistar blei kontrollerte, alle var edru.

Laurdag kveld skreiv politiet, for andre gong på under ei veke, gebyr til ein feilparkert bil på Halhjem ferjekai. Også denne gong var bileigar frå ein annan kommune. Gebyret er på 900 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.